«The Killing Jar» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1988 som den andre singelen frå det niande albumet deira, Peepshow.

Musikk og mottaking Songen er livleg og syner popretninga til Siouxsie and the Banshees på denne tida. Songen har òg element av alternativ rock og ein krytpisk tekst som er typisk for bandet. I følgje Siouxsie var songen inspirert av teknikken nytta av sommerfuglsamlarar for å bevare venleiken til dyra. «The Killing Jar» vart noko remiksa for radioutgåva, mellom anna i introen og perkusjonen som er nytta gjennom songen. Singelversjonen av «The Killing Jar» kom ut på samleplata Twice Upon a Time: The Singles i 1992.

Etter den amerikanske suksessen til den førre singelen deira, «Peek-a-Boo», som gjekk til topps på Billboard Modern Rock Tracks-lista, klarte «The Killing Jar» nesten det same og nådde andreplassen. Singelen nådde 41. plassen på UK Singles Chart.Johns, Brian. Entranced : the Siouxsie and the Banshees story. Omnibus Press, 1989. Page 94.

I andre media «The Killing Jar» vart nytta på filmmusikkalbumet til den kanadiske filmen Haunter.

Salslister Liste (1988)PlasseringUK Singles Chart41US Modern Rock Tracks2US Hot Dance/Disco37

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Killing Jar» frå , den 27. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Steven Severin