Boomerang er det andre studioalbumet til den britiske duoen The Creatures (med songaren Siouxsie Sioux og trommeslagaren Budgie). Albumet vart spelt inn i Spania med Mike Hedges i Jerez de la Frontera i Andalusia. Musikken inneheld blåsearrangement, med trompet, trombone og saksofon.
Boomerang fekk god omtale frå den britiske musikkpressa, særskild på grunn av vokalen til Siouxsie og for valet av dei mange musikkstilane på albumet, inkludert blues, jazz og spanske stilar som flamenco. Albumet vart seinare hylla av songaren Jeff Buckley, som spelte inn songen «Killing Time».
Innspeling og musikk Albumert vart spelt inn på ein ranch i provinsen Cádiz i Andalusia med produsenten Mike Hedges, eit år etter Peepshow. Alle instrumenta og vokalen vart spelt inn i Spania, medan blåsarane vart spelte inn seinare i London med Peter Thoms på trombone, Gary Barnacle på saksofon og Nico Tomasso på trompet. Budgie laga blåsararrangementet med Peter Thoms. Dei hadde begge tidlegare arbeidd med blåsarane på «Right Now»-singelen. «Pluto Drive» er den einaste songen som berre vart spelt inn i England.
Kritikarane skreiv om den varierte musikken på plata, men at det likevel ikkje fekk «jorda til å skjelve. Kvar av dei 14 spora har noko nytt å tilby».Robert Payes/Ira Robbins/David Sheridan/Michael Azerra. «Creatures». Trouserpress.com. Henta 27. august 2020 «Manchild» har ein «flamenco-rytme med trompeter frå ein solnedgang på savannen», medan den trompet-dominerte «Strolling Wolf» er eit «iberisk-inspirert stykke».
Det finst òg element av blues og jazz på albumet, som dei bluesaktige «Killing Time» og «Willow». «Pluto Drive» «blandar ein frekk, låg R&B-base med ein futuristisk ambient stil» og elektroniske sløyfer. «Pity» er ein voggesong, med Budgie på jamaicanske steel-trommer.
Mottaking og utgjeving Albumet kom ut til god omtale. Roger Morton i NME omtalte det som «eit riktig og forstyrrande exoticalandskap» og likte «den dominerande spanske-jazz-tromminga til Budgie». Simon Reynolds i Melody Maker skreiv at «Boomerang er nyskapande og forfriskande». AllMusic skreiv «Shnginga til Siouxie er noko av det beste både i og utafor The Banshees, og har framleis det skuggelagte mysteriet som ho gjer til sitt egie medan ho teiknar ei lang rekkje interessante stilar».
Jeff Buckley spelte «Killing Time» fleire gonger mellom 1992 og 1995. Han spelte inn ei utgåve for radiostasjonen WFMU, og framførte songen på den første store konserten hans i London eter utgjevinga av Grace.Untiedundone.com archives .
Innhald Alle songane er skrivne og komponerte av Siouxsie og Budgie.
«Solar Choir» og «Speeding» vart ikkje gjevne ut på vinylutgåva av albumet.
Medverkande The Creatures Siouxsie Sioux – vokal og instrument Budgie – trommer, perkusjon, andre instrument med: Peter Thoms – trombone Gary Barnacle – saksofon Nico Tomasso – trompet Martin McCarrick – trekkspel på «Speeding»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Boomerang (The Creatures album)» frå , den 27. august 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Creatures-album Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Geffen Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Album produserte av Mike Hedges