«Kiss Them for Me» er ein song skriven og spelt inn av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han vart produsert av Stephen Hague og kom ut i 1991 som den første singelen frå det tiande studioalbumet deira, Superstition.

Singelen fekk god omtale då han kom ut og vart den mest suksessrike singelen deira i USA med ein meir streit popstil enn tidlegare singlar av bandet. Den kryptiske teksten var ein ode til skodespelaren og sexsymbolet Jayne Mansfield.The Stud Brothers. «Kiss Of The Spider Woman». Melody Maker. 11. mai 1991

Singelen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100-lista. Det vart òg den andre singelen deira som nådde toppen av Modern Rock Tracks-lista i USA og det vart den første Banshess-songen som nådde topp 10 på den amerikanske US Hot Dance/Disco-lista, med ein åttandeplass der. Songen vart òg mykje vist på MTV. I Storbritannia nådde «Kiss Them for Me» 32. plassen på UK Singles Chart og vart den 16. topp 40-singelen deira der.

«Snapper Mix»-utgåva har ei sampling av Jayne Mansfield frå filmen Will Success Spoil Rock Hunter?, medan «Kathak Mix», miksa av produsenten Youth, har talte samplingar frå Robert Anton Wilson i starten.

I Storbritannia vart det gjeve ut to forskjellige 12"-plater. Den første inneheld «Snapper Mix» og B-sidene «Staring Back» og «Return», som ikkje var med på albumet. Den andre inneheld tre forskjellige versjonar av «Kiss Them for Me» av Youth: «Kathak Mix» på A-sida og «Loveappella Mix» og «Ambient Mix» på B-sida.

Andre versjonar Songen vart spelt av Diane Birch på School of Seven Bells i 2010 og Anna Nalick i 2011.Anna Nalick web site Broken Doll & Odds & Ends

Innhald Amerikansk maxi-singel (GEFDS-21650) på Geffen Records «Kiss Them for Me» (7" Version) – 4:29 «Staring Back» – 3:16 «Return» – 5:02 «Kiss Them for Me» (Kathak Mix) – 8:56

Spor 2 og 3 vart produserte av Siouxsie and the Banshees med Charles Gray som lydteknikar.

Salslister Liste (1991)PlasseringAustralian Singles Chart40Irish Singles Chart29UK Singles Chart32US Billboard Hot 10023US Alternative1US Hot Dance/Disco8US Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales19

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kiss Them for Me (song)» frå , den 28. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Siouxsie and the Banshees-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard Alternative Songs Kategori:Songar produserte av Stephen Hague Kategori:Songar skrivne av Siouxsie Sioux Kategori:Songar skrivne av Budgie Kategori:Songar skrivne av Steven Severin Kategori:Songar skrivne av Martin McCarrick