Dalton Grant () er ein britisk tidlegare høgdehoppar. Hans personlege rekord på 2,36 meter er frå VM-finalen 1991, innandørs oppnådde han 2,37 m i 1994.

Aktiv Grant kom i 1990 på delt fjerdeplass ved europameisterskapen i Split. Året etter sette han britisk rekord då han gjekk over 2,36 m ved verdsmeisterskapen i Tokyo, utan det vart medalje. Charles Austin frå USA vann tevlinga med 2,38 m, medan Javier Sotomayor og Hollis Conway kneip sølv og bronse med same høgde som Grant. Steve Smith forbetra den britiske rekorden til 2,37 m allereie året etter.

Ved innandørs-EM 1994 i Paris-Bercy presterte Grant sitt livs høgste hopp. Han vann gull med med 2,37 m, etter å ha stått over 2,35 m. Under VM 1997 presterte Grant årsbeste og vart femtemann då han kleiv over 2,32 m i fyrste forsøk, Javier Sotomayor vart meister med 2,37 m, føre Artur Partyka og Tim Forsyth. I EM 1998 greidde Grant 2,34 m i andre forsøk og fekk sølv, Artur Partyka tok høgda i fyrste forsøk og sikra seg gullet. Ein månad seinare sigra Grant under samveldeleikane i Kuala Lumpur med 2,31 m.

Grant vart britisk meister i høgdehopp fire gongar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1988 i Seoul: Nr 7 – 2,31 m EM 1990 i Split: Nr 4 – 2,31 m VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 2,36 m OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvalifiseringa (2,15 m=nr 29) VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (2,25 m=nr 15) EM 1994 i Helsinki: Nr 9 – 2,25 m VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (2,27 m=nr 14) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (2,26 m=nr 19) VM 1997 i Aten: Nr 5 – 2,32 m EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 2,34 m, bakom Artur Partyka (2,34 m) EM 2002 i München: -

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dalton Grant» frå , den 29. august 2020.

World Athletics

Kategori:Britiske høgdehopparar Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996