mini|Mona Holm
Mona Christine Holm () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kolvereid i Nord-Trøndelag som utmerkte seg i sleggjekasting. Ho vart norsk meister i øvinga ni år i rad, 2004-12. Holm var medlem i Norna/Salhus og seinare IK Tjalve.
Aktiv Holm kom på andreplass i sleggjetevlinga for kvinner i NM 2002 og 2003. Frå 2004 til 2012 var ho Noregs suverent beste i øvinga og vann samtlege sleggje-gull i desse ni åra. Ho vart tildelt kongepokalen for vinnarkastet under NM i friidrett 2007 og på ny under NM i friidrett 20011 i Byrkjelo. Under meisterskapen i Byrkjelo den 13. august smekka ho til med heile 70,43 meter, gjeldande norsk rekord til 2019-sesongen.
Holm deltok i EM i friidrett 2006, VM i friidrett 2007, EM i friidrett 2010, VM i friidrett 2011 og EM i friidrett 2012, utan nokon gong å kvalifisere seg til finale.
Elles var Holm ein habil diskoskastar som sikra seg bronsemedaljen i øvinga under NM 2004 og NM 2010.
Norske rekordar ResultatStadLandDatoÅr60,92 mSzombathely30. mai 200460,92 mReykjavík19. juni 200462,19 mGävle19. juni 200562,82 mBergen20. august 200563,39 mBanská Bystrica18. juni 200664,50 mHelsingborg30. juni 200664,89 mBottnaryd2. juli 200667,80 mHalle19. mai 200767,96 mTønsberg6. juni 201070,43 mByrkjelo13. august 2011
Personlege rekordar ØvelseLengdeÅrSleggekast 70,43 2011Diskoskast 47,85 2001
Medaljar i noregsmeisterskap Plassering Øving ÅrGull Slegge 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012Sølv Slegge 2002, 2003, 2014, 2016Bronse Diskos 2004, 2010
Kjelder friidrett.no
Kategori:Norske sleggekastarar Kategori:Norske diskoskastarar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Folk frå Nærøy