thumb|Portalplankar fra Austad stavkyrjke i Oldsaksamlinga Austad stavkyrkje stod ved garden Austad søndre (gnr. 14), der Austad gamle kyrkjegard framleis ligg. Ein trur at stavkyrkja vart oppført rundt 1200. Ei «ecclesia de Audestar» er omtala i dei pavelege nuntienes rekneskapsbøker (1327), men prest for kyrkja er ikkje omtala i mellomalderen. Likevel vil ein lokal tradisjon ha det til at det var prestegard på Breiland, 3–400 meter søraust for kyrkjegarden. I ein synfaringsrapport frå 1628 er kyrkja skildra som sterkt forfallen, og i 1666 er det snakk om at ho bør byggjast om. Stavkyrkja skal ha blitt avløyst av ei lita langkyrkje i tømmer i 1668. Denne kyrkja vart riven, og dagens kyrkje vart oppført lengre nordvest og på den andre sida av Otra og innvigd i 1880. På den gamle kyrkjegarden der stavkyrkja stod, vart det oppført eit klokketårn i 1933.
Stavkyrkjeportal To portalplankar fra stavkyrkja vart overførte til tømmerkyrkja på 1600-tallet og seinare til Oldsaksamlinga. Då skal dei ha vore «i afkappet og forhugget tilstand sammenslaaede til en dør». Motiva i utskjeringane er, som t.d. på portalane frå Hylestad og Vegusdal, frå Volsungesaga, men Austadportalen konsentrerer seg om siste delen av segnkrinsen og skildrar lagnaden til Hogne og Gunnar. Elles har portalen ornament av telemarkstypen med vertikalt oppstigande dyrehovud.
Fotnotar Setesdalswiki
Dietrichson s. 373. Brendalsmo, s. 50. I 1877, ifølgje Lorentz Dietrichson, medan Brendalsmo daterer rivinga til 1880, same året som vigslinga av dagens kyrkje.
Kjelder
Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Aust-Agder fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 50
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Bygland Kategori:Kulturminne i Bygland