Boomer's Story er det tredje studioalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 1972.
Cooder held fram den arkeologiske utgravinga av musikk frå ei eldre tid. Som på dei førre innspelingane hans, ser han ikkje berre attende til dei gamle meistrane, som blueslegenda Sleepy John Estes, låtskrivaren Dan Penn og Skip James, men òg til gamle, ukjende amerikanske folkeviser og bluessongar. Både tittelsporet og Lawrence Wilson sin «Crow Black Chicken», er datert attende til 1920-åra. Randy Newman spelar piano på den jingoistiske «Rally 'Round the Flag».
Allmusic skreiv om albumet: «Cooder er ofte kritisert for å ikkje akkurat ha ei dominerande røyst, og tar eit skritt bort frå mikrofonen på fire av ti spor på albumet - tre instrumentalar og ein med Sleepy John Estes på hans eigen 'President Kennedy'. Og sjølv om alle instrumentalane her er fine utgåver av flotte melodiar, er det 'Dark End of the Street' som verkeleg står fram. Her forstår Cooder at det einaste i arsenalet hans som kan yte den definitive versjonen til James Carr rettferd er hans eigen angerfulle slidegitar. Utan eit einaste ord klarar han å formilde den same skamma og djupe angeren som i teksten til Dan Penn/Chips Moman-klassikaren.»
Innhald
Medverkande Ry Cooder - gitar, mandolin, flaskehalsgitar, vokal Tommy McClure - bass Charles Lawing - klarinett Jim Keltner, Roger Hawkins - trommer Sleepy John Estes - gitar, vokal på «President Kennedy» (innspelt i Collierville i Tennessee) Gene Finney - munnspel George Bohanon - horn Milt Holland - perkusjon Randy Newman - piano på «Rally 'Round the Flag» Jim Dickinson - piano, bass, vokal Dan Penn - vokal
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Boomer's Story» frå , den 20. september 2020.
Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Ry Cooder-album Kategori:Album produserte av Lenny Waronker Kategori:Album produserte av Jim Dickinson Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album spelte inn i Muscle Shoals Sound Studio