Grasordenen (Poales) er ein særs stor og viktig orden av einfrøblada plantar Han er ein del av kladen Commelinidae. Han er trolig den økonomisk mest betydelege av alle planteordenar. Gras- og kornartane høyrer til her.
Fellestrekk for [artane i denne ordenen er at due har karsystem heilt ut i blada, og dei avleirer SiO2 i blada.
Gruppa har 17 familiar, med om lag 950 slekter og anslagsvis 21 000 artar.
Familiar Desse familiane er representerte i Noreg: Dunkjevlefamilien (Typhaceae) – 2 slekter, 30 artar Sivfamilien (Juncaceae) – 8 slekter, 400 artar Storrfamilien (Cyperaceae) – 110 slekter, 5 400 artar Grasfamilien (Poaceae) – 700 slekter, 12 000 artar
Andre familiar i ordenen: Anarthriaceae – 1 slekt, 8 artar Ananasfamilien (Bromeliaceae) – 58 slekter, 1 400 artar Centrolepidaceae – 3 slekter, 46 arter Ecdeiocoleaceae – 2 slekter, 2 artar Eriocaulaceae – 10 slekter, 1.150 artar Flagellariaceae – 1 slekt, 4 artar Joinvilleaceae – 1 slekt, 3-4 artar Mayacaceae – 1 slekt, 10 artar Rapateaceae – 17 slekter, 80 artar Restionaceae – 35 slekter, 320 artar Thurniaceae – 1 slekt, 3 arter Xyridaceae (inkluderer familien Abolbodaceae) – 5 slekter, 300 artar Tidlegare familiar Piggknoppfamilien (Sparganiaceae) – overført til dunkjevlefamilien Hydatellaceae – overført til ordenen Nymphaeales etter at ein oppdaga han var ein primitiv tofrøblading
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Grasordenen» frå , den 11. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff MOBOT – skildring av Poales på nettstaden til Angiosperm Phylogeny Group hos Missouri Botanical Garden.
Kategori:Planteordenar