Under the Gun er det tolvte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, utgjeve i juli 1980. Under the Gun var oppfølgjarne til det kommersielle gjennombrotet til Poco, Legend.
Bakgrunn Legend var komen ut i november 1978 på ABC Records like før selskapet vart kjøpt opp av MCA. I eit intervju i juni 2013 med SoundPress.net Radio Network, fortalte Paul Cotton at MCA kravde at Poco skulle prøvespele før dei fekk lov å spele inn for MCA.
Tittelsporet vart gjeve ut på singel, men nådde berre 48. plassen på Billboard Hot 100. Ein annan Paul Cotton-song, «Midnight Rain», gjorde det dårlegare og nådde berre 74. plassen. Dermed selde heller ikkje albumet like godt som Legend.
Mottaking
Allmusic-skribenten William Ruhlmann kalla albumet «eit arbeidsliknande, men lite merkverdig forsøk.»
Innhald
Medverkande Paul Cotton – gitar, vokal Rusty Young – steelgitar, gitar, vokal Charlie Harrison – bass, vokal Steve Chapman – trommer Kim Bullard – klaverinstrument, vokal Steve Forman – perkusjon Phil Kenzie – saksofon
Produksjon Produsent: Mike Flicker Lydteknikar: Joe Chiccarelli
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Under the Gun (Poco album)» frå , den 13. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Poco-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av Mike Flicker Kategori:MCA Records-album