«Silver Threads and Golden Needles» er ein song skriven av Dick Reynolds og Jack Rhodes.https://www.songfacts.com/facts/the-springfields/silver-threads-and-golden-needles Han vart først spelt inn av Wanda Jackson i 1956. Originalteksten, som framført av Jackson, inneheld eit vers som vanlegvis ikkje er med på seinare versjonar.
Andre versjonar
Den britiske folk-popgruppa The Springfields hadde ein hit med songen i 1962 som nådde 20. plassen på Billboard-lista. Dette var den første singelen av ei britisk gruppe som nådde topp 20 på den amerikanske Billboard-lista. Skeeter Davis spelte inn ein versjon i 1962 etter Springfields-hitten for eit album. Davis-versjonen kom ut på singel på RCA i fleire land Hawkshaw Hawkins spelte inn ein versjon i 1963 for albumet The All New Hawkshaw Hawkins. Ein versjon spelt inn av The Everly Brothers kom ut i 1963 på albumet The Everly Brothers Sing Great Country Hits. Rose Maddox, Capitol 1964 Jody Miller gav ut ein versjon i 1965 som nådde 54. plassen på Billboard Hot 100. Johnny Rivers gav ut eit konsertopptak i 1965 på albumet Meanwhile Back at the Whisky à Go Go. Pozo-Seco Singers (med Don Williams) gav ut ein versjon i 1966. Hong Kong-artisten Nancy Sit spelte inn songen i 1967. Ei innspeling tidleg i 1960-åra av Janis Joplin finst på samlealbumet Janis frå 1975. The Cowsills spelte inn songen på studioalbumet IIxII. Singelen nådde 77. plassen på Billboard-lista i september 1969. Honey Ltd. gav ut songen på singel i 1969. Grateful Dead framførte songen fleire gonger på konsertane sine mellom 1966 og 1970 med Bob Weir på solovokal og Phil Lesh på harmoni. Linda Ronstadt spelte inn og gav ut to versjonar av songen. Den første kom ut på debutalbumet hennar som soloartist i 1969, Hand Sown ... Home Grown. Den andre vart ein countrypophit på albumet Don't Cry Now i 1973. Den andre versjonen vart gjeven ut på singel og nådde topp 20 på den amerikanske countrylista same året. Den engelske folkrocksongaren Sandy Denny spelte inn songen i 1977 på albumet hennar Rendezvous og med bandet sitt Fotheringay. Denne versjonen vart spelt inn i 1970, men vart ikkje fullført og gjeven ut før i 2008. Denny laga ein omarbeidd versjon i 3/4-takt. Den amerikanske countrysongaren Crystal Gayle spelte inn songen i 1993 på albumet hennar Best Always. I 1993 spelte country-trioen Dolly Parton, Tammy Wynette og Loretta Lynn inn songen i lag på albumet Honky Tonk Angels. Songen kom ut på singel med musikkvideo. Han nådde 68. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Parton hadde tidlegare framført songen fleire gonger på scenen, og mellom anna på varitéshowet hennar Dolly! i 1976-1977, der ho hadde med seg gjesteartistane Linda Ronstadt og Emmylou Harris. Grace Under Pressure spelte inn songen på albumet Three Sheets To The Wind i 1994 på Canal Records. I 2012 spelte The Seekers inn songen i høve 50-årsjubileumsalbumet deira. Debbie Rule spelte inn songen på albumet hennar Texas Girls (2015).
Norsk versjon Ottar «Big Hand» Johansen skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Tomme ord og fagre løfter», spelt inn av Lillian Askeland i 1979 for albumet Stalltips.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Silver Threads and Golden Needles» frå , den 29. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1956 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:MGM Records-singlar Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Wanda Jackson-songar Kategori:The Springfields-songar Kategori:Maybelle Carter-songar Kategori:Skeeter Davis-songar Kategori:The Lettermen-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:Jody Miller-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Cowsills-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Jean Shepard-songar Kategori:Janis Joplin-songar Kategori:Sandy Denny-songar Kategori:Lynn Anderson-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Loretta Lynn-songar Kategori:Tammy Wynette-songar Kategori:Brenda Lee-songar Kategori:Crystal Gayle-songar Kategori:We Five-songar Kategori:Heidi Hauge-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Fotheringay-songar Kategori:Charlie McCoy-songar Kategori:Songar skrivne av Jack Rhodes Kategori:Musikkvideoar regisserte av Deaton-Flanigen Productions