«You're No Good» er ein song skriven av Clint Ballard jr. og først framført av Dee Dee Warwick for Jubilee Records i 1963, produsert av Jerry Leiber og Mike Stoller. Han har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, og hitversjonar er gjevne ut av Betty Everett i 1963, The Swinging Blue Jeans i 1964 og Linda Ronstadt i 1975, då songen gjekk heilt til topps i USA.

Betty Everett-versjonen

Betty Everett si utgåve for Vee-Jay Records i Chicago vart den første hitversjonen i november 1963. Singelen nådde 51. plassen på Billboard Hot 100 og femteplassen på «Cashbox's R&B Locations»-lista.

A&R-sjefen i Vee-Jay, Calvin Carter, fann songen då han vitja New York City på leiting etter songar for selskapet sitt og han hadde opphavleg tenkt å spele inn «You're No Good» med Dee Clark, men fortalte: «då eg skulle få songen øvd inn, var han så negativ og eg sa 'Hei, karar snakkar ikkje negativt om jenter, fordi jentene er platekjøparar. Nei, eg bør heller la denne gå.' Så eg gav songen til Betty Everett.» Då dei spelte opptaket til Everett for The Dells, som var på same plateselskap, «sat dei på treboks der strykeseksjonen pleidde å sitje, og dei trampa takten på desse treborda medan songen vart spelt... så eg sa til lydteknikaren 'La oss gjere det ein gang til, og ta opp lyden av denne trampinga, 'fordi det gav ein verkeleg god takt.' Så me gjorde det, og bang, ein hit.»

The Swinging Blue Jeans-versjonen

I Storbritannia fekk The Swinging Blue Jeans ein hitversjon med «You're No Good», som nådde tredjeplassen sommaren 1964. Sue Johnston, som då var personleg assistent for Peter Brown, var kjæraste med Swinging Blue Jeans-trommeslagaren Norman Kuhlke og hevda at ho tok med seg «You're No Good» til The Swinging Blue Jeans. Versjonen deira gjekk òg inn på singellista i Frankrike, der han nådde 26. plassen, og vart suksessrik nok til å nå 97. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

Linda Ronstadt-versjonen

Linda Ronstadt byrja å spele «You're No Good» som avslutningssnummer på konsertane sine tidleg i 1973, etter eit forslag frå bandmedlemmet hennar Kenny Edwards. Ho tok han først med i setlista då ho var oppvarmingsartist for Neil Young. Ronstadt framførte songen på fjernsyn i ein episode av The Midnight Special, som vart sendt 21. desember 1973.

Ronstadt spelte inn albumet Heart Like a Wheel med produsenten Peter Asher sommaren 1974 i The Sound Factory. «You're No Good» vart teken med i siste augneblink. Akkompagnementet til Ronstadt-versjonen vart spelt inn 1. juli 1974. I følgje Bob Warford, som var gitarist i turnébandet til Ronstadt, og som spelte på innspelinga den 1. juli, «prøvde dei å gjere ein R&B-versjon av songen, som var nærmare måten me gjorde det på scenen enn den versjonen som kom ut. Me spelte han i eit kjappare tempo på scenne, slik me gjorde på innspelinga 1. juli.» Ronstadt avviste så innspelinga frå 1. juli og sa «Det var berre feil groove for meg. Eg trur ikkje visste korleis eg skulle frasere rundt musikarane, så det var ikkje deira feil. Dei var fantastiske.» Den endelege innspelinga av Ronstadt-versjonen vart laga 5. juli 1974.

Seint i august 1974 vart det lagt til strykarar, arrangert av Gregory Rose, på songen i AIR Studios. Capitol Records var ikkje sikre på om dei skulle gje ut «You're No Good» eller «When Will I Be Loved» som den første singelen frå Heart Like a Wheel, og valde å gje ut «You're No Good» ei veke etter albumet kom ut.

Linda Ronstadt-versjonen vart den mest suksessrike versjonen av «You're No Good». Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100-lista 15. februar 1975. «You're No Good» vart òg ein internasjonal hit og nådde 15. plassen i Australia, 17. plassen i Nederland og 24. plassen i New Zealand. B-sida til singelen var «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You), opphavleg ein song av Hank Williams. Denne gjekk òg inn på lista og låg samstundes på andreplassen på Hot Country Songs-lista. «When Will I Be Loved» vart så gjeven ut som den nesten singelen.The New York Times, 15. november 1974, s.32

Salslister

Vekeslister Liste (1974–75)PlasseringAustralia 15Canada Top Singles 7Canada Adult Contemporary2Nederland17US Cash Box Top 1001

Årslister Liste (1975)PlasseringAustraliaDavid Kent's Australian Chart Book 1970-1992 93Canada97U.S. Billboard Hot 10050U.S. Cash Box69

Andre versjonar Artistar som har spelt «You're No Good» er mellom andre: Pat Carroll (1965) Phlegethon Graham Bonney Alma Cogan (ikkje gjeve ut) Elvis Costello Dusty Springfield Ike & Tina Turner Reba McEntire The Muppets Jose Feliciano Lulu Aswad Michael Bolton som Michael Bolotin Ellie Campbell Keith Hampshire Jill Johnson Rosie & The Originals Little Milton Anny Schilder Floortje Smit Van Halen (på Van Halen II) Wild Orchid. Los Rockets (Mal Amor) Wilson Phillips Det er laga finske versjonar av songen: «Olet Paha» i 1964 av Eddy and the Boys og «Paha Oot» i 1975 på albumet Bimbo av Marion Rung. Plastiscines si utgåve frå 2009 vart nytta i sesong 6 episode 3 av True Blood. Ein fransk versjon vart spelt inn av Les Kelton i 1964, kalla «Au nom de la loi».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «You're No Good» frå , den 29. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Betty Everett-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Jubilee Records-singlar Kategori:Songar produserte av Peter Asher Kategori:Songar skrivne av Clint Ballard jr. Kategori:Vee-Jay Records-singlar Kategori:His Master's Voice-singlar Kategori:Dee Dee Warwick-songar Kategori:Van Halen-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Julie London-songar Kategori:Little Milton-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Michael Bolton-songar Kategori:Gro Anita Schønn-songar Kategori:Elisabeth Andreassen-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:Aswad-songar Kategori:Reba McEntire-songar Kategori:Lulu-songar Kategori:Die Toten Hosen-songar