«I Will Always Love You» er ein song skriven og opphavleg spelt inn i 1973 av den amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Countryversjonen hennar kom ut på singel i 1974 og var skriven som eit farvel til den tidlegare partnaren og mentoren hennar i sju år, Porter Wagoner, etter at Parton valde å forlate The Porter Wagoner Show og satse på ein solokarriere.

Parton si utgåve av «I Will Always Love You» vart ein suksess, og gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista to gonger. Den første gongen var i juni 1974, og den andre var i oktober 1982 etter ei nyinnspeling for filmen The Best Little Whorehouse in Texas. Ho nådde dermed toppen av lista to gonger med same songen, noko som berre Chubby Checker hadde gjort tidlegare med «The Twist» i 1960 og igjen i 1962.

Whitney Houston spelte inn sin versjon av songen i 1992 for filmen The Bodyguard. Singelen hennar låg 14 veker på toppen av Billboard Hot 100-lista, som då var ny rekord, og er ein av dei bestseljande singlane nokon gong. Det held rekord for å vere den bestseljande singelen av ei kvinne i musikkhistoria. Houston-utgåva av «I Will Always Love You» gjekk inn att på lista i 2012 etter ho døydde, og vart den andre singelen nokon gong som nådde topp 3 på Billboard Hot 100 i to forskjellige periodar. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som Linda Ronstadt, John Doe, Amber Riley, LeAnn Rimes og Sarah Washington, i ein dance-versjon som nådde 12. plassen på UK Singles Chart.

Bakgrunn og komposisjon Countrysongaren Dolly Parton skreiv songen i 1973 for den tidlegare partnaren og mentoren Porter Wagoner, som ho hadde arbeidd med i sju år, før ho no skulle satse på sin eigen solokarriere. Ho spelte inn songen i RCA Studio B i Nashville den 12. juni 1973. «I Will Always Love You» kom ut på singel 18. mars 1974, som den andre singelen frå det trettande soloalbumet hennar, Jolene (1974). I 1982 spelte Parton inn songen på nytt for filmen The Best Little Whorehouse in Texas. I tillegg ti 1982-innspelinga for filmen, vart den originale 1974-innspelinga til Parton nytta i Martin Scorsese-filmen Alice Doesn't Live Here Anymore, og filmen It's My Party i 1996. Songen vann Parton prisen for årets kvinnelege vokalist i 1975 under CMA Awards.

Forfattaren Curtis W. Ellison skreiv at songen «snakkar om slutten av eit forhold mellom ein mann og ei kvinne som ikkje endar i urokkeleg uro i heimen, men der det i staden skjer med respekt - på grunn av initiativet til kvinna». I følgje notearket publisert på musicnotes.com av Hal Leonard Corporation, er countryballaden i 4/4-takt med eit tempo på 66 taktar per minutt (Larghetto/Adagio) Sjølv om Parton fann mykje suksess med songen, er det mange som ikkje er klar over opphavet. Under eit intervju sa manageren til Parton, Danny Nozel at «ein ting me fann ut frå American Idol er at folk flest ikkje veit at Dolly Parton skreiv songen». Under eit intervju på The Bobby Bones Show, sa Dolly Parton at ho skreiv signatursongen «Jolene» same dagen som ho skreiv «I Will Always Love You.»

Fleire gonger (lenge før Whitney Houston spelte inn songen), føreslo Dolly Parton for songaren Patti Labelle at ho skulle spele inn «I Will Always Love You» fordi ho meinte at Labelle kunne syngje han bra. Men Labelle innrømde at ho utsette sjansen til å gjere dette og angra djup seinare når ho høyrde Whitney Houston-utgåva.

Mottaking Den originale utgåva i 1974 nådde fjerdeplassen i Canada på den kanadiske countrylista og toppen av den amerikanske Billboard Hot Country Songs-lista, der det vart ein av dei bestseljande singlane i 1974.

Då Parton spelte inn songen på ny 1982 for filmen The Best Little Whorehouse in Texas, vart den nye versjonen gjeve ut på singel på ny og nok ein gong gjekk han til topps på Hot Country Songs-lista - den første gongen ein artist gjekk til topps to gonger med same song. 1982-versjonen nådde òg 53. plassen på Billboard Hot 100 og 17. plassen på adult contemporary-lista.

Parton spelte ein duett med Vince Gill i 1995 for albumet Something Special, og duettversjonen av «I Will Always Love You» gjekk òg inn på Billboard country-lista og nådde 15. plassen. Parton og Gill fekk CMA-prisen for beste vokalhending i 1996 for songen. Ein annan duettversjon kom ut i 2017 med Michael Bolton på albumet hans Songs of Cinema.

Då 1974-innspelinga av songen nådde toppen av countrylista, indikerte Elvis Presley at han ønskte å spele inn songen. Parton var interessert fram til manageren til Presley, Colonel Tom Parker, sa at det var standard prosedyre for låtskrivaren å signere over halvparten av forlagsrettane av songane som Elvis spelte inn. Parton nekta. Ho fortalte: «Eg sa, 'Eg er verkeleg lei meg' og eg gret heile natta. Det var som om det verste som kunne skjedd. Det var som 'herregud ... Elvis Presley.' Og andre sa 'Du er sprø. Det er Elvis Presley.' Og eg sa 'eg kan ikkje gjere det'. Noko i hjartet mitt sa 'Ikkje gjer det'. Og eg valde å takke nei. Han kunne ha spelt ein kanonbra versjon. Men han gjorde altså ikkje det. Så då Whitney kom ut med sin versjon, tente eg nok pengar til å kjøpe Graceland.»

Innhald 7" vinyl «I Will Always Love You» – 2:53 «Lonely Comin' Down» – 3:09

Medverkande

Dolly Parton – vokal, gitar Jimmy Colvard – gitar Chip Young – gitar Stu Basore – pedalsteelgitar Bobby Dyson – bass Larrie Londin – trommer Ralph Gallant – trommer Buck Trent – banjo Bobby Thompson – banjo Mack Magaha – fele Johnny Gimble – fele Hargus «Pig» Robbins – piano Dolores Edgin – korvokal Hershel Winginton – korvokal Joe Babcock – korvokal June Page – korvokal

Salslister Liste (1974)PlasseringCanada Country Tracks (RPM)4US Hot Country Songs (Billboard)1

1982-versjonen

Parton spelte inn songen i 1982 for The Best Little Whorehouse in Texas. Han kom ut 12. juli 1982 som den første singelen frå filmusikkalbumet, og gjekk nok ein gong til topps på Billboard Hot Country Singles-lista. Berre Chubby Checker hadde tidlegare klar å nå toppen av ei Billboard-liste to gonger med same song, då han gjorde det med «The Twist» som nådde toppen av lista i 1960 og igjen i 1962.

Billboard gav ei positiv melding av songen og skreiv: «Den første singelen frå The Best Little Whorehouse in Texas er ikkje den typiske kjenningsmelodien som vanlegvis lanserer ein stor filmmusikal. Her gjentolkar Parton ein av dei tidlegare popsongane sine, og medan eldre fans er delte over den meir luftige, meir stiliserte versjonen ho kjem med her, er songen i seg sjølv framleis ein herleg ballade med eit høgtflygande refreng.»

Salslister Liste (1982)PlasseringAustralia (Kent Music Report)72Canada Top Singles (RPM)8Canada Adult Contemporary (RPM)1Canada Country Tracks (RPM)1US Hot Country Songs (Billboard)1

1995-versjonen

Parton spelte inn «I Will Always Love You» i 1995 som ein duett med Vince Gill for albumet hennar, Something Special. Etter ei framføring den 26. august i Grand Ole Opry som gjekk på lufta på TNN, byrja radiostasjonar å spele versjonen, som så gjekk inn på 53. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Etter ei framføring på CMA Awards, vart songen offisielt gjeven ut på singel i november 1995 og han klatra til 15. plassen på lista. Dette var tredje gongen Parton hadde nådd topp 20 med songen. Songen vart nominert til Grammyprisen for beste countrysamarbeid med vokal og vart kåra til årets vokalhending under CMA Awards.

Medverkande Assa Dormi – konsertmeister Paul Franklin – steelgitar Vince Gill – duettvokal Owen Hale – trommer David Hungate – bass Brent Mason – gitar Terry McMillan – perkusjon Dale Oehler – strykearrangement, dirigent Dolly Parton – solovokal Matt Rollings – piano Brent Rowan – gitar

Salslister Liste (1995)PlasseringCanada Country Tracks (RPM)22US Hot Country Singles & Tracks (Billboard)15

Whitney Houston-versjonen

I 1992 spelte den amerikanske songaren Whitney Houston inn ein ny versjon av «I Will Always Love You» for musikken til The Bodyguard, som var filmdebuten hennar. Songen har ein saksofonsolo spelt av Kirk Whalum. Ho skulle eigentleg spele inn Jimmy Ruffin sin «What Becomes of the Brokenhearted» som den første singelen frå The Bodyguard. Men då det vart kjend at songen skulle nyttast i Fried Green Tomatoes, bad Houston om ein annan song. Det var medskodespelaren hennar Kevin Costner som føreslo «I Will Always Love You», og spelte versjonen til Linda Ronstadt frå 1975 frå albumet Prisoner in Disguise. Produsenten David Foster og Houston omarrangerte songen som ein soulballade. Selskapet hennar meinte at ein song med ein acappella introduksjon ikkje kom til å bli ein suksess. Men Houston og Costner insisterte på å gjere det slik. Då Parton høyrde at Houston brukte innspelinga til Ronstadt som mal, ringde ho til Foster for å gje han det siste verset, som mangla frå Ronstadt-versjonen, sidan ho meinte det var viktig for songen.

Houston si utgåve er ikkje den einaste versjonen av songen som er med i filmen. I ein scene der ho dansar med Costner, kan ein høyre ein versjon av John Doe spele på ein jukeboks.

Houston si utgåve vart rangert på niandeplassen på lista til NME over dei beste førsteplassane gjennom historia. I 2004vart versjonen plassert på 65. plassen på lista til American Film Institute over dei 100 beste songane frå 1900-talet i amerikansk film. Han vart òg rangert på 22. plassen på lista til The Guardian over britane sine 100 favorittsongar, publisert i mai 2002. Fram til 2013 hadde utgåva til Houston seld over 20 millionar eksemplar verda over, som gjer det til den bestseljande singelen av ei kvinne gjennom tidene og ein av dei bestseljande singlane totalt.

I februar 2013 vart songen plassert på sjetteplassen på lista til Billboard over dei 50 beste kjærleikssongane gjennom tidene.

Ei konsertutgåve kom ut i 1999 på Divas Live '99 og i 2014 på CD- og DVD-utgåva av Whitney Houston Live: Her Greatest Performances, med eit konsertopptak frå 1994.

Songen er òg nytta i filmen This Is the End frå 2013 og i byrjinga av filmen Spider-Man: Far From Home frå 2019.

Salslister Singelen låg 14 veker på toppen av den amerikanske Billboard Hot 100, som den gongen var ny rekord. Det vart den største hitten til Houston og slo den gamle rekorden hennar, med «Greatest Love of All» frå 1986, med tre veker. Det er òg den lengste tida på toppen av lista for ein singel frå ein film.

Songen låg òg fem veker på toppen av Hot Adult Contemporary Tracks-lista og 11 veker på toppen av Hot R&B Singles-lista. Han låg på topp 40 på denne lista i 24 veker. Det vart den største hitten Arista Records nokon gong gav ut. Songen låg på toppen av både Hot 100, Adult Contemporary og R&B-lista samstundes i fem veker på rad, som berre Ray Charles med songen «I Can't Stop Loving You» hadde klart tidlegare i 1962.«R. Kelly's »Bump N' Grind« tops Billboard's Hot R&B Singles chart next week.» Cincinnati Post. 6. mai 1994. Page 6c.

Songen låg som nummer ein i USA gjenno januar og februar 1993 og var første gongen ein ny song hamna på toppen av Billboard først i mars i eit nytt år. Singelen var òg den mestseljande i USA i 1993. I Storbritannia var Houston-versjonen den bestsljenade i 1992, og den niande mest selde i 1993.

Houston-utgåva av «I Will Always Love You» vart òg ein massiv internasjonal hit og toppa singellistene i nesten alle land, inkludert Eurochart Hot 100 Singles, der han låg 13 veker på førsteplassen. Singelen låg på topp i Australia i ti veker, fem veker i Austerrike, sju veker i Belgia, åtte veker i Frankrike, seks veker i Tyskland, åtte veker i Irland, to veker i Italia, seks veker i Nederland, 14 veker i New Zealand, ni veker i Noreg, ei veke i Spania, seks veker i Sverige, åtte veker i Sveits, og ti veker i Storbritannia. Dei ti vekene i på toppen i Storbritannia, var den lengste perioden av ein kvinnelege soloartist fram til 2019 då Tones & I overtok rekorden.