Jens Georg SpahnMoritz von Uslar: 79 Fragen an Jens Spahn ZEITMagazin NR. 22/2017 29. mai 2017. Henta 2. september 2017 (på tysk). () er ein tysk politikar (CDU). Sidan 2002 er han medlem av Forbundsdagen og sat frå 2005 til 2009 i helsekomitéen i det tyske parlamentet. I tillegg jobba han frå 2006 til 2010 for eit lobby-selskap innan helse- og legemiddelsektoren.FOCUS Online: Im Nebenjob Abgeordneter. 4. desember 2012. Henta 19. august 2020 (på tysk). Mellom 2015 og 2018 var han parlamentarisk statssekretær i det tyske finansdepartementet og har sidan 14. mars 2018 vore helseminister i Angela Merkel si fjerde regjering.
Opphav, utdanning og privatliv Spahn voks opp saman med to yngre søsken i den tyske bygda Ottenstein.arkivlenkje (26. august 3024 i Internet Archive, på tysk) Han tok avsluttande eksamen ved gymnaset i Ahaus i 1999 og byrja deretter ei dual yrkesutdanning innan bankvesenet hos WestLB i Münster som han avslutta i 2001.www.jens-spahn.de henta 2. april 2018 (på tysk). Ved sida av å sitje i parlamentet, studerte Spahn mellom 2003 og 2017 statsvitskap ved universitetet i Hagen på deltid og oppnådde dei akademiske gradane Bachelor of Arts (2008) og Master of Arts (2017)..
Spahn er homofil. Men han understreka i eit intervju med eit tysk magasin i 2012 at han som «politikar ikkje definerer seg over homofilien sin». Difor driv han ikkje med «homofil klientellpolitikk», men prøver «som helseekspert å løyse problema i vår tid».„Meine Art zu lieben“ Spiegel, 19. november 2012 Han bur i Berlin saman med sin ektemann Daniel Funke som er sjef-lobbyist hos eit tysk mediekonsern. Bryllaupet vart halde på slott Borbeck i Essen den 22. desember 2017 og utført av ordførar Thomas Kufen. Jens Spahn er katolikk og var ministrant i ungdomstida..Maximilian Plück: Clever & smart., rp-online.de, 27. desember 2015 (på tysk).Jens Spahn: Glaube ist keine Privatsache katholisch.de, 19. september 2017 (på tysk). CDU-politikar og offentlege embete mini|Jens Spahn på ein CDU-kongress i Köln (2014) Spahn melde seg inn i Junge Union i 1995 og i CDU i 1997. Frå 1999 til 2006 var han formann i Junge Union, Borken og sidan 2005 har han vore formann i CDU sitt kommuneforbund. Frå 2009 til 2015 sat han i kommunestyret i heimekommunen Borken.arkivlenkje (5. november 2015 i archive.today, på tysk)
Jens Spahn fekk i 2002, 2005, 2009, 2013 og 2017 direkte mandat til Forbundsdagen.arkivlenkje (11. januar 2014 i Internet Archive, på tysk) I forbundsdagsvalet 2017 fekk han 51,2 prosent av fyrstestemmane. Helseminister (sidan 2018) Den 14. marsj 2018 blei Jens Spahn utnemnd til helseminister av forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier.Das neue Kabinett auf einen Blick, spiegel.de. Henta 14. mars 2018 (på tysk). Spahn er den yngste ministeren i Merkel si fjerde regjering.
Korona-pandemi I byrjinga av 2020 reagerte Spahn forholdsvis seint, då den nye covid-19-pandemien blei erklært som internasjonal helsekrise den 30. januar 2020.. Omtrent tre månadar seinare tilrådde han å avlyse alle store arrangement. I midten av mars 2020 blei tilrådingene i den tyske pandemi-risikoanalysen sett i verk.
Då den fyrste infeksjonen blei konstatert i Tyskland i januar 2020, sa Spahn at det ikkje var grunn til overdriven bekymring, fordi Tyskland var godt førebudd.. Omtrent to veker etterpå forklarte han i helsekomitéen i parlamentet at faren for ein pandemi på det dåverande tidspunktet var urealistisk.
Spahn var imot innreisekontrollar på tyske flyplassar som tiltak mot utbreiinga av koronaviruset til å begynne med, men vedtok seinare å innføre dette.Coronavirus. „Die Gefahr wurde verharmlost.“ Rhein-Neckar-Zeitung, 26. februar 2020 (på tysk). På same tid var han kritisk til at landa i EU hadde forskjellige reglar for å takle pandemien.Stephan Ueberbach: EU und das Coronavirus: Alles unter Kontrolle? Website https://www.tagesschau.de/, 13. februar 2020. Henta 20. februar 2020 (på tysk).
Den 24. februar forklarte han at strengare tiltak (bl.a. avlysing av store arrangement, stenging av barnehagar og skular) kunne følgje, dersom viruset skulle fortsette å utbreie seg i same tempo.mdr.de: Spahn rechnet mit Ausbreitung von Coronavirus |MDR.DE. Henta 4. mai 2020 (på tysk). To dagar etterpå ba han helseministrane i delstatane om å aktivere pandemiplanane.n-tv Nachrichten: Spahn spricht von „Beginn einer Epidemie“. Henta 4. mai 2020 (på tysk).
Etter at infeksjonstala i Tyskland hadde nådd 670 i byrjinga av mars, frarådde han å reise til Italia og til Nordrhein-Westfalen, då desse to områda var svært hardt ramma av pandemien.Tagesschau 6. mars 2020: Coronavirus: Spahn warnt vor Reisen in Risikogebiete
Spahn slutta seg til forslaget om å stramme inn smittevernlova som gjev forbundsregjeringa større fridom til å gripe inn i kompetanseområda til delstatane. Spahn støtta tiltak for å auke produksjonskapasiteten for munnbind i innlandet. Målet var å produsere opp til 50 millionar munnbind i månaden ifrå august.Ben Mc Partland: Germany to make ‘50 million face masks a month’. TheLocal.de. 17. april 2020. Henta 19. mai 2020 (engelsk). Den 21. oktober 2020 blei Jens Spahn testa positiv for koronaviruset. Han blei sendt i karantene etter resultatet, men viste berre svake symptom.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jens Spahn» frå , den 30. desember 2020.
Litteratur
Michael Bröcker: Jens Spahn. Die Biografie. Herder, Freiburg i. B. 2018, ISBN 978-3-4513-8336-6. Rei Gesing og Gudrun Panicke-Schulz med Jens Spahn (føreord): Burnoutschutz ABC für Pflegende. Agenda, Münster 2019, ISBN 978-3-89688-647-7.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad (på tysk) Jens Spahn på Lobbypedia (på tysk)
Kategori:Tyske politikarar Kategori:Politikarar frå 2000-talet