Elastic Rock er debutalbumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i mars 1970. Det vart spelt inn i januar 1970 og var eit nybrottsarbeid innan den gryande sjangeren jazzrock. Bandleiaren Ian Carr (seinare jazzjournalist og Miles Davis-ekspert) var truleg inspirert av at Davis «gjekk elektrisk» i 1969, men det viktige albumet Bitches Brew hadde ikkje kome ut enno då Elastic Rock vart spelt inn, og i følgje Carr, hadde dei ikkje enno høyrt det mindre rockeprega og elektriske Davis-albumet In a Silent Way frå 1969.
I juli 1970 spelte gruppa komposisjonar frå albumet på Montreux Jazz Festival, og vann førsteprisen. Dei spelte så både på Newport Jazz Festival og på jazzklubben Village Gate.
Innhald Alle komposisjonar av Karl Jenkins, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Karl Jenkins – obo, barytonsaksofon, elektrisk piano, piano Ian Carr – trompet, flygelhorn Brian Smith – tenorsaksofon, sopransaksofon, fløyte Jeff Clyne – bass, elektrisk bass John Marshall – trommer, perkusjon Chris Spedding – akustisk gitar, elektrisk gitar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elastic Rock» frå , den 30. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Universal Records-album Kategori:Nucleus-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios