Amerikaslangehals (Anhinga anhinga) er ein fugl i gruppa slangehalsar. Han lever i den sørlege delen av Nord-Amerika, i Mellom-Amerika og i den nordlege delen av Sør-Amerika.

Skildring Amerikaslangehalsen er ca. 85 cm lang og har eit vingespenn på 117 cm. Han veg ca. 1 350 gram. Fuglen er svart, og likner derfor på ein skarv, men slangehalsane kan kjennast igjen på den lange halsen sin som har gjeve dei namnet «slangehals».

Åtferd Amerikaslangehalsen et fisk, som han dykkar etter. Han mangler gumpkjertel som kan produsera vassavstyøtande olje. Dette gjer at slangehalsen ikkje kan symja slik til dømes skarvar gjer, sidan fjørene trekk til seg vatn som gjer fuglen tyngre.

Status Amerikaslangehals er verna i USA etter Migratory Bird Treaty Act. Arten er rekna som livskraftig. Ein kjenner ikkje det nøyaktige talet på individ, men fuglane er utbreidde i det km² store leveområdet sitt.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Amerikaslangehals» frå , og «Anhinga» frå den 10. januar 2021.

Kategori:Sulefuglar Kategori:Slangehalsfamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fuglar i Nord-Amerika