Sør-Khorasan (persisk استان خراسان جنوبی Ostān-e Khorāsān-e Jonūbī ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg aust i landet med Birjand som provinshovudstad. Andre større byar er Ferdows, Tabas og Qaen. I 2014 vart han plassert i Region 5.
Provinsen heitte opphavleg Quhistan og inngjekk i den større Khorasan, men historisk sett har Qohistan hatt sin eigen kultur, historie, miljø og økologi.
Sør-Khorasan er ein av tre provinsar som vart skapt etter delinga av Khorasan i 2004. I starten bestod provinsen berre av Birjand fylke og somme nye fylke som vart lagt til dette (som Nehbandan, Darmian og Sarbisheh), men i dei påfølgjande åra vart alle dei nordlege og vestlege byane og territoria i det gamle Quhistan (som Qaen, Ferdows og Tabas) lagt til Sør-Khorasan.
Sør-Khorasan består i dag av 11 fylke: Birjand, Ferdows, Tabas, Qaen, Nehbandan, Darmian, Sarbisheh, Boshruyeh, Sarayan, Zirkouh og Khusf.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «South Khorasan Province» frå , den 7. mars 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Iran