Valbysteinane er ei rektangulær steinsetting ved Valby i Tjølling i Larvik kommune. Steinsettinga er delt inn i to «rom», der det eine er markert med store opprette steinar i tre hjørne. Arkeologar har inga sikker forklaring på om det er ein heidensk seremonistad eller eit gravmonument. Den største av dei gjenståande bautasteinane måler ca. 230 cm over bakken. Sjølve steinsettinga er ikkje datert, men i nærliggjande gravhaugar er det gjort funn frå romartida.
Sjå òg Valbysteinen, ein runestein frå same område
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valbysteinene» frå , den 11. mars 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Steinsettingar i Noreg