Geirr Wiggen () er ein norsk dr.philos. og sidan 1992 professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, med vekt på fagdidaktikk. Han er busett i Oslo. Forskinga hans rettar seg i stor grad mot ulike emne innan anvend lingvistikk.

Wiggen var lektor og førsteamanuensis ved Elverum lærarhøgskule 1976-90 og leiar i bokmålsseksjonen i Norsk språkråd 1988-96. Han vart dr.philos. 1992 og er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Geirr Wiggen» frå , den 20. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo