Jurij Ljapkin () er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Balasjikha i Moskva oblast. I tida 1971-76 vann han fire VM-gull og eitt OL-gull for Sovjetunionen.
Forsvarsspelaren Ljapkin vart verdsmeister fyrste gongen i 1971. Sidan var han med i mannskapa som sigra i verdsmeisterskapen 1973, 1974, 1975. Frå Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister, derimot måtte han nøye seg med sølv i Ishockey-VM 1976.
Ljapkin spelte på Kimik Voskresensk frå 1964 til -72, og på ny 1976-78. I mellomtida gjorde han teneste for Spartak Moskva frå 1972 til 1976, avslutta perioden med å verte sovjetisk seriemeister i 1976. 1978/79-sesongen var han atter å sjå i Spartak-drakt, før han avslutta som aktiv hos japanske Ōji Seishi i tida 1979-82.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Juri Jewgenjewitsch Ljapkin» frå , den 10. april 2021.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976