Den 25. runden i Tippeligaen 2000 vart gjennomført med ein kamp laurdag 14. oktober og seks kampar sundag 15. oktober. Sjølv om serien i praksis var avgjort allereie, avgjorde Rosenborg sigeren denne runden med ein spektakulær 9—0-siger heime mot Bryne, den største sigeren dette året. På plassane bak spissa det seg til då Viking på sølvplassen tapte 2-1 heime mot Moss, medan Brann vann 2-1 borte mot Lillestrøm Dei to hadde då like mange poeng, men Viking hadde tre mål betre målskilnad.

Haugesund tapte 5-2 borte mot Tromsø og hadde ikkje lenger sjanse til å kome seg opp til kvalikplassen eller trygg plass og det vart klart at dei rykka ned. Start klarte derimot uavgjort 2-2 heime mot Bodø/Glimt, medan Vålerenga på kvalikplassen tapte 4-0 borte mot Odd. Dei to hadde då begge 21 poeng, men Vålerenga hadde langt betre målskilnad og ville klare seg om dei tok minst like mange poeng som Start i siste kampen. I tillegg tapte som sagt Bryne mot Rosenborg og låg tre poeng over Vålerenga. Med stortapet dei gjekk på denne runden ville dei då hamne bak Start eller Vålerenga om ein av desse vann i den siste runden.

Statistikk Mål i alt: 36 Snitt mål: Tilskodarar totalt i serierunden: Tilskodarsnitt per kamp: Flest tilskodarar: (Rosenborg BK - Bryne FK) Færrest tilskodarar: (Tromsø IL - FK Haugesund) Gule kort: 15 Utvisingar: 1

Kampfakta

*25