Kidder County er eit fylke sentralt i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota. Flatevidda til Kidder County er på 3 712 km², 213 km² er dekt av vatn. Fylket vart grunnlagt i 1873 og organisert i 1881.

Knapt 2 500 menneske bur i fylket som vert styrt frå landsbyen Steele. Ved folketeljinga 2000 vart 64,2 % av ibuarane registrert som tyskætta og 15,4 % som norskætta.

mini|venstre|Grenda Pettibone i Kidder County. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kidder County, North Dakota» frå , den 6. juni 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i Nord-Dakota