mini|Tufasøyler i Monosjøen i California. Tufa er ein type kalkstein danna ved utfelling av karbonatmineral frå vatn under moderat temperatur. I varme kjelder kan det av og til oppstå liknande karbonathaldige sediment, travertin, men desse er mindre porøse. Tufa blir av og til kalla meteogen travertin.Pentecost, A. (2005): Travertine, Kluwer Academic Publishers, Dordrecht, Nederland|isbn=1-4020-3523-3

Ved litteratur- og nettsøk må ein vera merksam på at det er mogleg å forveksla med (ekte) termogen travertin frå varme kjelder, som ofte blir kalla «kalktuff». Tufa, som altså er sedimentær og kalkbasert, må heller ikkje forvekslast med tuff (frå italiensk «tufo»), som er ein vulkansk bergart sjølv om namnet har same etymologiske opphav.

Eigenskapar mini|Nærbilde av tufastein. Både nyare og fossile tufaavleiringar inneheld store mengder av mikroorganismar og makrobiologiske komponentar, noko som gjer dei ekstremt porøse.Koban, C.G.; Schweigert, G. (1993): «Microbial origin of travertine fabrics – two examples from Southern Germany (Pleistocene Stuttgart travertines and Miocene riedöschingen Travertine)», Facies 29, s. 251–263 Tufa blir nedfelt anten i langsamt flytande elveløp eller i innsjøar. Ford og Pedley (1996) gjev eit oversyn over tufasystem over heile verda.Ford, T.D. & Pedley, H.M. (1996) A review of tufa and travertine deposits of the world, Earth-Science Reviews 41, 117–175

Bruk Tufa blir brukt ein del som basis for utplanting og planteoppsatsar. Den porøse konsistensen gjer tufa ideell som element i stein- og fjellhagar. Tufa blir ofte blanda inn i betong til eit produkt kalla hypertufa, som har liknande bruksområde.

Førekomst Nokre kjende stader der ein finn tufar er: Pyramid Lake i Nevada i USA Big Soda Lake i Nevada i USA Monosjøen i California i USA – tufasøyler Trona Pinnacles i California i USA – tufasøyler Matlock Bath i Derbyshire i Storbritannia North Dock Tufa i Storbritannia Plitvice-sjøane nasjonalpark i Kroatia Basturs Lakes i Pallars Jussà i Catalonia – tufahaugar Ulike delar av Armenia, som Artik Den sørvestlege kystlinja av Vest-Australia Nær Groot Marico i Nordvest-provinsen i Sør-Afrika Kadishi Tufa i Blyde River Canyon i Mpumalanga-provinsen i Sør-Afrika

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tufa» frå , den 13. juni 2021.

Kategori:Sedimentære bergartar