Kristian Tonning Riise () er ein norsk idéhistorikar og politikar frå Ilseng i Stange kommune. Han var stortingsrepresentant 2017–2021 frå Hedmark, vald for partiet Høgre.
Bakgrunn Riise utdanna seg i idéhistorie ved Universitetet i Oslo i tida 2009–2012. Etter eit par år som prosjektarbeidar i tankesmia Civita, vart han i 21. juni 2014 vald til leiar av Unge Høgre, attvald i 2016. Hausten 2017 fekk han fast sete på Stortinget for Høgre. På Stortinget fekk han plass i Arbeids- og sosialkomiteen.
Den 9. januar 2018 trekte Riise seg frå formannsvervet i Unge Høgre, etter skuldingar om seksuell tråsøkne mot andre ungdomspolitikarar. Frå å ha vore ein profilert Høgre-politikar, vart han nær usynleg for media resten av tida som stortingsrepresentant.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristian Tonning Riise» frå , den 19. juni 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Stange