Aleksandr Gennadjevitsj Pogorelov () er ein russisk tidlegare mangekjemapar frå Zjeleznogorsk i Kursk oblast. Han vart tildelt bronsemedaljen etter tikampen i ved Friidretts-VM 2009 i Berlin, ein prestasjon som vart underkjent av Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) sju år seinare.

Aktiv Pogorelov vart andremann i sjukamp ved hall-EM 2005 i Sevilla med 6 111 poeng. Under verdsmeisterskapen i Helsinki i august same året enda han på femteplass med 8 246 poeng, etter han låg på tredjeplass før den avsluttande 1500-meteren, hans svakaste øving. I 2006 vart han nummer fire i europameisterskapen med 8 245 poeng, også då førte 1500 m han to plassar ned på resultatlista.

Med 8 328 poeng plasserte Pogorelov seg som nummer fire i tikampen under dei olympiske leikane i Beijing i 2008. Med nøyaktig 200 fleire poeng tok han bronsemedaljen ved verdsmeisterskapen i Berlin året etter, ein medalje han sidan vart fråkjent ettersom han skulle ha vore suspendert.

Doping Då dopingprøvene frå Sommar-OL 2008 i Beijing var testa på ny i 2016, fann IOK at Pogorelov då hadde vore dopa. Det internasjonale friidrettsforbundet annullerte 2. juni 2016 alle hans resultat i perioden 23. august 2008 til 21. februar 2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2002 i München: Nr 8 – 8 016 poeng VM 2003 i Paris: Braut etter åtte øvingar OL 2004 i Aten: Nr 11 – 8 084 poeng VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 8 246 poeng EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 8 245 poeng OL 2008 i Beijing: Nr 4 – 8 328 poeng (annullert) VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 8 528 poeng (annullert)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alexander Gennadjewitsch Pogorelow» frå , den 4. juli 2021.

World Athletics

Kategori:Russiske mangekjemparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Dopingsaker i friidrett