Lesja er ei bygd og administrasjonssenteret i Lesja kommune i Innlandet. Tettstaden har .
På Lesja finst Lesja skule – ein barne- og ungdomsskule – samfunnshus, idrettshall, folkebibliotek, kommunehuset, helsehus, daglegvarehandel, byggevare- og landbrukshandel, kafé og frisør.
Europaveg 136 passerer gjennom tettstaden på veg frå Dombås i aust til Ålesund i vest. Mot sør går fylkesveg 2660, Vestsidevegen, forbi Lesja bygdemuseum og Lesja kyrkje på veg til busetnaden på sørsida av dalen. Slådalsvegen tek av frå denne og fører på sumarstid over fjellet til Vågåmo. Raumabana passerer også gjennom Lesja og stoppar på signal på Lesja stasjon.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Geografi i Lesja Kategori:Bygder i Innlandet Kategori:Kommunesenter i Innlandet Kategori:Utgåtte tettstader