Eid vidaregåande skule er ein vidaregåande skule på Nordfjordeid i Stad kommune i Nordfjord. Skulen blei stifta i 1922 som Eid Gymnas, ein toårig privatskule. Rektoren til skulen frå 1922 til 1963, Andreas Berg, fekk i 1964 Kongens fortenstemedalje i gull for virket sitt ved Eids gymnas.

Historie På 1980-talet var det to vidaregåande skular på Nordfjordeid. Eid yrkesskole vidareførte tradisjonane frå Holmøy arbeidsskole, med møbelsnikkarfag og smed- og mekanikarfag, og utvida med opplæring innan elektrofag og elektronikk. Eid vidaregåande skule vidareførte gymnaset og Georg Kragseths handelsskole. På 1990-talet tok fylkeskommunen over eigarskap, og skulane blei slått saman frå 1. august 1992 under namnet Eid vidaregåande skule.

Utdanningstilbod Vedteke utdanningstilbod for skuleåret 2021-2022:Vestland fylkeskommune: Forslag til opplæringstilbud ved skolene i skoleåret 2021-2022Vestland fylkeskommune: Saksprotokoll i Hovedutvalg for opplæring og kompetanse, vedtak 25.11.2020 TrinnUtdanningsprogramVg1Elektro og datateknologiVg2AutomatiseringVg2Datateknologi og elektronikkVg2Elenergi og ekomVg3AutomatiseringsfagetVg3DataelektronikerfagetVg1Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesignVg2FrisørVg2Interiør og eksponeringsdesignVg1Handverk, design og produktutviklingVg1Teknologi- og industrifagVg2IndustriteknologiVg1StudiespesialiseringVg2RealfagVg2Språk, samfunnsfag og økonomiVg3RealfagVg3Språk, samfunnsfag og økonomiVg3Påbygging til generell studiekompetanse

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eid videregående skole» frå , den 13. juli 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:5°E Kategori:61°N Kategori:Vidaregåande skular i Vestland Kategori:Skipingar i 1922 Kategori:Eid kommune