«Cool Water» er ein song skriven i 1936 av Bob Nolan. Songen handlar om ein mann og muldyret hans, Dan, og ei luftspegling i ørkenen. Medlemmar av Western Writers of America plasserte han på tredjeplassen på lista over dei 100 beste Western-songane gjennom tidene.

Originalversjonen Songen vart først spelt inn av The Sons of the Pioneers 27. mars 1941 for Decca Records (nr. 5939) og var ei kort stund inne på hitlista i 1941 då han nådde ein 25. plass. Den mest populære versjonen vart spelt inn av Vaughn Monroe og The Sons of the Pioneers i 1948. Denne innspelinga kom ut på RCA Victor. Innspelinga låg 13 veker inne på Billboard-listafrå og med 6. august 1948 og nådde niandeplassen.

Bruk i film 1945 Along the Navajo Trail - sungen av Bob Nolan og The Sons of the Pioneers. 1945 Saddle Serenade - framført av Jimmy Wakely and the Riders of the Purple Sage 1946 Ding Dong Williams framført av Bob Nolan and the Sons of the Pioneers. 2011 Rango - framført av Hank Williams. 2014 Lost River - sungen av Ben Mendelsohn med musikk av Johnny Jewel 2018 The Ballad of Buster Scruggs - sungen av Tim Blake Nelson

Andre artistar Hank Williams spelte inn songen i 1948 eller 1949 for The Johnny Fair Syrup Company radioshow på KWKH i Shreveport i Louisiana. Innspelinga finst på The Complete Hank Williams, som kom ut i 1998.

Bing Crosby og The Andrews Sisters spelte inn songen den 5. september 1952 med Matty Matlock and His Orchestra.

Frankie Laine og The Mellomen tok songen til andreplassen på den britiske singellista i 1955.

Marty Robbins spelte inn songen i 1959 på albumet hans Gunfighter Ballads and Trail Songs.

Burl Ives spelte denne songen i 1961 på albumet hans Songs of the West.

Odetta spelte inn songen in 1963 på albumet hennar One Grain of Sand.

The Rooftop Singers spelte inn songen i 1963 på det Grammy-nominerte albumet deira Walk Right In.

Tom Jones spelte ein versjon av songen i 1967 på albumet hans Green, Green Grass of Home.

Andre versjonar av songen er spelte av Riders in the Sky, Jack Scott, Ramblin' Jack Elliott, Slim Whitman, Lorne Greene, Johnnie Ray, Mason Williams, Johnny Cash, The Replacements, Leo Kottke og Joni Mitchell blant fleire.

Fleetwood Mac spelte inn ein versjon for albumet deira Mirage, og denne kom med som eit løynd spor etter den siste songen «Wish You Were Here».

Salslister Frankie Laine-versjonen Liste (1955)PlasseringStorbritannia (NME)2Storbritannia (Record Mirror)1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cool Water (song)» frå , den 13. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1936 Kategori:Songar skrivne av Bob Nolan Kategori:Vaughn Monroe-songar Kategori:Burl Ives-songar Kategori:Sons of the Pioneers-songar Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Johnnie Ray-songar Kategori:Frankie Laine-songar Kategori:Bing Crosby-songar Kategori:The Andrew Sisters-songar Kategori:Hank Williams-songar Kategori:Jack Elliot-songar Kategori:Eddy Arnold-songar Kategori:Pattie LaBelle-songar Kategori:Odetta-songar Kategori:Hank Snow-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Joni Mitchell-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award