William Michael Albert Broad (), profesjonelt kjend som Billy Idol, er ein engelsk musikar, songar, låtskrivar, og skodespelar som har både britisk og amerikansk statsborgarskap. Han vart først kjend i 1970-åra i punkrockmiljøet i London då han var frontmann i bandet Generation X. Sidan la han ut på ein solokarriere som førte til at han vart internasjonalt kjend og gjorde Idol til ein leiande artist under «den andre britiske bølgja» i USA, som var driven av MTV. Namnet «Billy Idol» var inspirert av læraren hans som skildra han som «idle» (uverksam, inaktiv).
Idol byrja karrieren sin seint i 1976 som gitarist i punkrockbandet Chelsea, men han slutta etter kort tid i gruppa. Med den tidlegare bandkollegaen Tony James, skipa Idol så Generation X. Med Idol som frontmann fekk bandet suksess i Storbritannia og gav ut tre album på Chrysalis Records, før dei vart oppløyst. I 1981 flytta Idol til New York City for å satse på ein solokarriere i samarbeid med gitaristen Steve Stevens. Debutalbumet hans som soloartist, Billy Idol (1982), vart ein kommersiell suksess. Med musikkvideoar for singlane «Dancing with Myself» og «White Wedding» vart Idol fast å sjå på det nyetablerte MTV.
Det andre albumet hans, Rebel Yell (1983), selde godt med hitsinglane «Rebel Yell» og «Eyes Without a Face». Albumet selde til dobbel platinaplate for to millionar selde eksemplar i USA. I 1986 gav han ut Whiplash Smile. Etter å ha fått tre topp 10-singlar i Storbritannia («Rebel Yell», «White Wedding» og «Mony Mony») gav Idol ut eit samlealbum i 1988 kalla Idol Songs: 11 of the Best. Dette albumet selde til platina i Storbritannia. Idol gav så ut Charmed Life (1990) og konseptalbumet Cyberpunk (1993).
Idol brukte andre halvdelen av 1990-åra på privatlivet sitt. Han gjorde eit musikalsk comeback med Devil's Playground (2005) og igjen med Kings & Queens of the Underground (2014).
Diskografi Studioalbum Billy Idol (1982) Rebel Yell (1983) Whiplash Smile (1986) Charmed Life (1990) Cyberpunk (1993) Devil's Playground (2005) Happy Holidays (2006) Kings & Queens of the Underground (2014)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Billy Idol» frå , den 13. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Engelske anarkistar Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske new wave-musikarar Kategori:Engelske punkrocksongarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Generation X-medlemmar Kategori:Musikarar frå Kent Kategori:Neurotic Outsiders-medlemmar