Henry Olusegun Adeola Samuel (), profesjonelt kjend som Seal, er ein britisk songar-låtskrivar. Han har selt over 20 millionar plater verda over, og den første internasjonale hitsongen hans, «Crazy» kom ut i 1991. Den mest populære songen hans,«Kiss from a Rose», kom ut i 1994.
Seal har vunne fleire prisar gjennom karrieren, inkludert tre Brit Awards, mellom anna for årets mannlege artist i 1992, i tillegg til fire Grammyprisar og ein MTV Video Music Award. Som låtskrivar har han fått Ivor Novello-prisen to gonger for beste song musikalsk og tekst for «Killer» (1990) og «Crazy» (1991).Lister, David, Pop ballads bite back in lyrical fashion, The Independent, 28. mai 1994
Han har vore mentor på The Voice Australia i 2012 og 2013, og igjen i 2017.
Diskografi
Studioalbum Seal (1991) Seal («Seal II») (1994) Human Being (1998) Seal IV (2003) System (2007) Seal 6: Commitment (2010) 7 (2015)
Coveralbum Soul (2008) Soul 2 (2011) Standards (2017)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Seal (musician)» frå , den 13. juli 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske soulmusikarar Kategori:Brit Award-vinnarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Folk frå Paddington Kategori:Yoruba-musikarar