Jonathan Richard Guy Greenwood () er ein engelsk musikar og komponist. Han er sologitarist og klaverspelar det alternative rockebandet Radiohead og har skrive mykje filmmusikk.

I lag med den eldre broren, Radiohead-bassisten Colin, gjekk Greenwood på Abingdon School i Abingdon nær Oxford i England, der han møtte dei framtidige bandmedlemmane sine. Greenwood var den yngste t gruppa og den siste som kom med, og spelte først klaverinstrument og munnspel, før han etter kort tid vart sologitarist. Han gav opp musikkstudiane då bandet fekk kontrakt med Parlophone. Debutsingelen deira, «Creep», markerte seg med det aggressive gitarspelet til Greenwood. Radiohead har sidan blitt kritikarrost og seld over 30 millionar plater. I lag med andre medlemmar av Radiohead, vart Greenwood innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2019.

Greenwood har blitt kalla ein av dei beste gitaristane gjennom tidene av mellom andre Rolling Stone. Han er ein multi-instrumentalist og speler mellom anna bassgitar, piano, bratsj og trommer, i tillegg til ondes Martenot, eit tidleg elektronisk instrument. Han nyttar elektroniske teknikkar som programmering, sampling og looping og har laga programvare nytta av Radiohead. Han har sjølv skildra rolla si i bandet som arrangør, som har hjelpt til å omforme demoane til Thom Yorke til ferdige songar.

Greenwoord har arrangert strykarar og blåsarar på albuma til Radiohead og han har komponert musikk for orkester, inkludert London Contemporary Orchestra og BBC Concert Orchestra. Det første soloarbeidet hans, filmusikken til Bodysong, kom ut i 2003. I 2007 skreiv han musikk for There Will Be Blood, regissert av Paul Thomas Anderson og han har komponert musikk til alle Anderson-filmane etter det. I 2018 vart han nominert til Oscarprisen for musikken hans for Anderson-filmen Phantom Thread. Greenwood har òg mellom anna to samarbeid med regissøren Lynne Ramsay. Han har fleire gonger samarbeidd med den israelske komponisten Shye Ben Tzur, mellom anna på albumet Junun i 2015. I 2021 debuterte Greenwood med eit nytt band, The Smile, med Yorke og trommeslagaren Tom Skinner.

Diskografi

Studioalbum + Studioalbum med utvalde listeplasseringar Tittel Detaljar Lister USHeat USWorld Junun (med Shye Ben Tzur og The Rajasthan Express) Utgjeve: 20. november 2015 Selskap: Nonesuch Format: LP, CD, kassett, digitalt 6 3

Filmmusikkalbum + Tittel Detaljar Lister USOST USHeat USVinyl Bodysong Utgjeve: 27. oktober 2003 Selskap: Parlophone, Capitol, XL Format: LP, CD, digitalt — — — There Will Be Blood Utgjeve: 17. desember 2007 Selskap: Nonesuch Format: LP, CD, digitalt20 — 21 Norwegian Wood Utgjeve: 10. desember 2010 Selskap: Nonesuch Format: CD, digitalt — — — The Master Utgjeve: 10. september 2012 Selskap: Nonesuch Format: LP, CD, digitalt21 28 — Inherent Vice Utgjeve: 15. desember 2014 Selskap: Nonesuch Format: LP, CD, digitalt — — — Phantom Thread Utgjeve: 12. januar 2018 Selskap: Nonesuch, WEA Format: LP, CD, digitalt — — — You Were Never Really Here Utgjeve: 9. mars 2018 Selskap: Lakeshore, Invada Format: LP, CD, digitalt — — —

Samelalbum + Tittel Lister US Jonny Greenwood Is the Controller (med ymse artistar) Utgjeve: 6. mars 2007 Selskap: Trojan, Sanctuary Format: CD, digitalt 5

EP-ar + Tittel Lister US Octatonic Volume 2: Industry Water (with Michael Gordon) Utgjeve: 24. september 2019 Selskap: Octatonic Records Format: Vinyl, download 10

Konsertverk 2004 - smear for to ondes Martenot og kammerensemble med ni musikarar 2004 - Piano for Children for piano og orkester (trekt attende) 2005 - Popcorn Superhet Receiver for strykeorkester 2007 - There Will Be Blood live filmversjon 2010 - Doghouse for stryketrio og orkester 2011 - Suite from 'Noruwei no Mori' (Norwegian Wood) for orkester 2011 - 48 Responses to Polymorphia for 48 solostrykarar 2012 - Suite from 'There Will Be Blood''' for strykeorkester 2014 - Water for to fløyter, piano, kammerorgel, to tanpura & strykeorkester 2015 - 88 (No 1) for solopiano 2018 - Three Miniatures from 'Water' for fiolin, piano, 2 tampura og cello/bass-bordun 2019 - Horror vacui for solofiolin og 68 strykarar

KjelderDenne artikkelen bygger på «Jonny Greenwood» frå , den 25. juli 2021. oppgav desse kjeldene:''

Bakgrunnsstoff

Kategori:Alternative rockepianistar Kategori:Engelske komponistar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske rockeklaverspelarar Kategori:Alternative rockegitaristar Kategori:Engelske multiinstrumentalistar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Ondistar Kategori:Folk frå Oxford Kategori:Radiohead-medlemmar Kategori:Britiske pianistar Kategori:The Smile-medlemmar