Hanne Hukkelberg () er ein norsk songar, komponist og produsent. Hukkelberg byrja å synga og spela instrument i ein alder av tre år. I ungdomen var ho vokalist for ulike band og konstellasjonar i sjangrar som jazz, rock og frijazz. Medan ho gjekk på vidaregåande skule var ho medlem av doom metal-bandet Funeral, der ho bidrog med vokal på det andre albumet deira, In Fields of Pestilent Grief.

mini|Hanne Hukkelberg i Bush Hall 2

Hukkelberg vart uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule i 2003 og etablerte seg som vokalist, komponist og multiinstrumentalist. I tillegg til å synga, spelar ho slagverk, piano og gitar. Kåre Chr. Vestrheim produserte den første EP-en til Hukkelberg, Cast Anchor (2003), og året etter debutplata hennar Little Things (2004). I 2006 gav Hukkelberg ut sitt andre album Rykestrasse 68, som fekk Spellemanprisen 2006 i open klasse. I 2007 mottok Hukkelberg Gammleng-prisen.

Etter omfattande turnering, inkludert ein Europa-turné med Wilco, og ein gjesteopptreden med José González på The Bowery Ballroom i New York, gav Hukkelberg ut Blood From a Stone (2009). Hukkelberg skreiv deretter ein av songane på lydsporet til filmen «Legenden om Narnia – Prins Caspian». Songen heiter «Lucy», etter ein av hovudkarakterane i filmen.

Etter å ha flytta til New York gav Hukkelberg ut det fjerde albumet sitt Featherbrain i 2012. I åra 2014 til 2016 arbeidde Hukkelberg med ei rekkje bestillingsverk, inkludert eit samarbeid med Todd Terje og Bryan Ferry på låten Johnny og Mary.

I 2017 gav ho ut eit album som inneheldt singlane «The Whip», «IRL» og «Emroidery».

I 2018 komponerte Hukkelberg filmmusikken til dokumentarfilmen Røverdatter. Soundtracket vart utgjeve på Hukkelberg Music. Hukkelberg gav òg ut singelen «Stardust» på Brilliance Records. Låten vart skriven i Los Angeles i samarbeid med Victoria Zaro (USA), Halie (No) og Brittany B (USA).

Diskografi

Album Tittel Detaljar Little Things Utgjeve: 8. mars 2004 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt, CD, vinyl Rykestraße 68 Utgjeve: 4. september 2006 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt, CD, vinyl Blood From A Stone Utgjeve: 12. mai 2009 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt, CD, vinyl Featherbrain Utgjeve: 20. februar 2012 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt, CD, vinyl Trust Utgjeve: 20. oktober 2017 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt, CD, vinyl Birthmark Utgjeve: 16. august 2019 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt, CD, vinyl

EP-ar Tittel Detaljar Cast Anchor Utgjeve: 9. mai 2009 Selskap: Propeller Recordings Format: Digitalt

Prisar og nominasjonar

Spellemannprisen 2006 i open klasse for Rykestrasse 68 Nominert til Alarmprisen 2007 i klassa jazz for Rykestrasse 68 Nominert til Spellemannprisen 2009 i klassa kvinneleg artist for Blood from a Stone Radka Toneff Minnepris 2013 Gammleng-prisen 2017 i open klasse Edvard-prisen 2020 i klassa populærmusikk for Birthmark

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hanne Hukkelberg» frå , den 26. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Norske filmmusikkomponistar Kategori:Folk frå Kongsberg Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske jazzsongarar Kategori:Norske popsongarar Kategori:Doom metal-musikarar Kategori:Funeral-medlemmar