Marte Mjøs Persen () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var olje- og energiminister i regjeringa Støre frå 2021 til 7. mars 2022. Deretter tok ho over som Arbeids- og inkluderingsminister fram til 16. oktober 2023.
Liv og virke Bakgrunn Persen studerte litteraturvitskap og sosiologi ved Universitetet i Bergen. Ho har mellom anna jobba som organisasjonssekretær i Human-Etisk Forbund i Hordaland, og vore fylkessekretær i Nei til EU.
Politisk karriere Persen var nestleiar i Raud Valallianse frå 2003 til 2006 og representerte valalliansen i Bergen bystyre i perioden 2003-07. Perioden 2007-11 var ho til vararepresentant til bystyret, der ho vore mest oppteken med miljø og byutvikling. Elles har ho engasjert seg i kvinnesaksspørsmål, var mellom anna kvinnepolitisk talsmann for RV. Persen braut med Raud Valallianse i februar 2008, då RV slo seg saman med AKP og grunnla partiet Raudt,Artikkel i Bergens Tidende og gjekk inn i Arbeidarpartiet 1. mai 2008.
I perioden mellom 2011 og 2015 var ho leiar av helse- og sosialkomiteen i Bergen. I oktober 2015 vart ho vald til ordførar i Bergen, ein byrådsstyrt kommune.
Ho var ordførar i Bergen kommune frå 2015 til 2021.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Ap-ordførarar i Hordaland Kategori:RV-politikarar Kategori:Feministar