Erik Hoftun () er ein tidlegare norsk fotballspelar og no trenar/leiar innan fotballen. Han arbeider for Rosenborg Ballklub. Hoftun kjem frå Hemne kommune.

Trenar/leiarkarriere Sidan Januar 2008 har han vore tilsett som assiterande sportsleg leiar i Rosenborg Ballklub, klubben han spela for i nesten heile si spelarkarriere. Under vårsesongen 2008 var Hoftun assistenttrenar for hovudtrenar Trond Henriksen i same klubb. Som sagt blei Hoftun i utgangspunktet henta til klubben som assisterande sportsleg leiar, men då sportsdirektør Knut Thorbjørn Eggen vart sjukmeld og seinare sa opp stillinga som sportsdirektør har Hoftun også har/hatt mange av Eggen sine arbeidsoppgåver. I 2007 kombinerte Hoftun sportssjef-jobb i Bodø/Glimt med å samstundes spele for Adeccoliga-klubben.

Spelarkarriere I ei årrekkje spelte Hoftun midtstoppar på Rosenborg. Han har og spelt 30 kampar for det norske landslaget. Hoftun er ein av relativt få norske landslagsspelarar i nyare tid som aldri har spela for eit aldersbestemt landslag.

Hoftun starta seniorkarrieren sin i den lokale 3.divisjonsklubben KIL/Hemne. I 1992 reiste han til Molde, der han raskt blei fast inventar på førstelaget. Han spela to sesongar i Molde før han blei kjøpt av Rosenborg i 1994. Som Rosenborg-spelar har Hoftun vore med på å vinne 11 seriemeisterskap, og spelt ei rekkje kampar i Mesterligaen. Heile 6 år på rad - åra 1995 til 2000 vann Erik Hoftun Kniksenprisen som beste forsvarar. Ingen andre aktive fotballspelarar har vunne Kniksenprisen meir enn 3 år på rad, eller meir enn 4 prisar totalt.

Hoftun var med i den norske VM-troppen i Frankrike-VM i 1998, men sat på benken gjennom heile turneringa. Han ville truleg fått spele i EM-sluttspelet to år seinare, men måtte melde fråfall grunna skade.

Hoftun hadde ingen planar om å gje seg som fotballspelar med det første trass i sin høge alder. 20. juli tok Hoftun konsekvensane av lite speletid i Rosenborg og signerte for eliteseriekollegaen Bodø/Glimt. Han spela for Glimt fram til han la opp etter 2007-sesongen.

Karriere som spelar (Sist oppdatert 31. oktober 2007) KlubbKamper*Mål*Periode KIL/Hemne??????-1991 Molde4451992-1993 Rosenborg276141994-2005 Bodø/Glimt5322005-2007 * Berre seriekampar.

Karriere som trenar/leiar (oppdatert 14. juni 2008) KlubbStillingPeriode Bodø/GlimtSpelande sportssjef2005-2007 RosenborgAssistenttrenarJanuar 2008 - Juni 2008 RosenborgAss. sportsleg leiarJanuar 2008 -

Bakgrunnsstoff

Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Hoftun, Erik Hoftun, Erik Hoftun, Erik Hoftun, Erik Hoftun, Erik Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball