Høre stavkyrkje (Hurum stavkyrkje) er ei stavkyrkje frå 1179 i Ryfoss i Vang kommune i Innlandet.
Historie mini|venstre|Høre stavkyrkje og Kviengardane, frå 1880
Kyrkja vart bygd med tre hogd i 1179 i fylgje ei runeinnskrift i kyrkja. Årringdateringa viser til 1179 så dette verkar som det er rett. Dette skal vere den stavkyrkja med sikrast datering.Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen. Seinare er kyrkja ombygd i 1822-23, då ho vart utvida.
Dette er den andre kyrkja på same staden. Den fyrste kyrkja her var ei lita stolpekyrkje med jordfaste stolpar.
Under kyrkja er det graver, også for born. Nokre av gravene er brukt for å datere den fyrste kyrkja på staden.
På staven inne i preikestolen er det ei runeinnskrift: «Þá, um þat sumar [létu] þeir brœðr Erlingr ok Auðun hôggva till kirkju þessar, er Erlingr ja[rl fe]ll í Niðarósi», — Den sommaren då brørne Elling og Audun lét hogge (tre) til denne kyrkja, fall Erling Jarl i Nidaros. Erling Skakke fall i Nidaros i 1179.
Det finst fleire runeinnskrifter rundt i kyrkja, og gamle gjenstandar med slike.
Også i Hegge stavkyrkje er det ei innskrift som er litt overraskande, og som lyder «Erling Arnson skreiv desse runene». Ein skal vere forsiktig med å tolke, men det kan vere same Erling.
Det er ikkje usannsynleg at hertug Skule vart gift i denne kyrkja på 1200-talet. Andre kjelder seier at mor og far til Hertug Skule gifte seg i Høre stavkyrkje på 1200-talet.
Kyrkjebygningen Den opphavlege takryttaren i kyrkja er no portal inn til kyrkjegarden.
Kjelder Høre kirke i «Norges kirker» Faktaark om Høre stavkyrkje på nettstaden til Riksantikvaren «Høre stavkirke» på nettstaden stavkirke.org «Høre stolpekirke» på nettstaden stavkirke.org
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Oppland
Kategori:Kyrkjer i Vang Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Tusenårsstader Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti Kategori:Kulturminne i Vang