Halsvenderar (Pleurodira) er ein av to nolevande underordnar av skjelpadder. Halsvendarane kan som namnet tydar på ikkje trekka hovudet rett inn under skalet som halsgøymarar, men snur det til sida og legg i eit holrom framfor eit forbein for å verna det mot eventuelle farar.

Dei fleste halvsendarane lever i ferskvatn. Dei finst i Afrika, Madagaskar, Seychellane, Australia, Ny-Guinea og Sør-Amerika.

Gruppa omfattar tre familiar, der den største er slangehalsskjelpadder.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Halsvendere» frå , den 17. august 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skjelpadder