Stig Berge () er ein norsk vitskapsmann og tidlegare orienteringsløpar frå Meldal i Sør-Trøndelag. Han vart verdsmeister i orientering i 1970, i same meisterskapen sprang han ein etappe for det norske mannskapet som vann stafett-gullet. Berge vart noregsmeister på klassisk-distansen i 1964 og på langdistansen i 1967, 1970 og 1971. Elles fekk han med seg eit nordisk stafett-gull i 1965.
Stig Berge utdanna seg til sivilingeniør i teknisk fysikk ved Norges tekniske høgskole i Trondheim. Sidan vart han professor i faget, og arbeidde i fleire år som leiar for Institutt for marin teknikk ved NTH/NTNU.
Kjelder
Stig Berge i Store norske leksikon Kunnskapsforlagets idrettsleksikon
Kategori:Norske orienteringsløparar Kategori:Verdsmeistrar i orientering Kategori:Noregsmeistrar i orientering Kategori:Kongepokalvinnarar i orientering Kategori:Folk frå Meldal