Hero (英雄, Yīng Xióng) er ein kinesisk wuxia-film frå 2002, regissert av Zhang Yimou og med musikk av Tan Dun.

Hero kom ut i Kina den 24. oktober 2002, og var den dyraste og mest innbringande filmen i kinesisk filmhistorie fram til Red Cliff frå 2009.

Handling Filmen går føre seg under Krigarrika-tida. Ei gruppe leiemordarar, Flygande snø (飛雪) (Maggie Cheung), Brotne sverd (殘劍) (Tony Leung) og Lang himmel (長空) (Donnie Yen), svor å ta livet av kongen av Qin (秦王) (Chen Daoming). Namnlaus (無名) (Jet Li) kjem til palasset for å kreva løn for å ha sigra over desse tre.

Medverkande Jet Li som Namnlaus Tony Leung Chiu Wai som Brotne Sverd Maggie Cheung som Flygande Snø Zhang Ziyi som Måne Chen Daoming som Kongen av Qin Donnie Yen som Lang himmel

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hero (film)» frå , den 31. august 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Filmar frå 2002 Kategori:Kinesiske kampsportfilmar Kategori:Kinesiskspråklege filmar