Helen Bannerman () var ein skotsk forfattar av barnebøker. Ho er best kjend for den fyrste boka si, The Story of Little Black Sambo (Lille Sorte Sambo) frå 1899.
Liv Bannerman var fødd i Royal Terrace i Edinburgh. Ho var det fjerde barnet i ein syskenflokk på sju, og den eldste dottera. Faren var Robert Boog Watson (1823-1910), som var prest i Free Church of Scotland og malakologimalakologi (blautdyrforskar), og mora Janet (1831-1912) var dotter at Helen Brodie og papirmakaren og filantropen Alexander Cowan.Rootsweb, Helen Brodie Cowan Watson Frå ho var 2 til ho var 12 budde ho på Madeira, der far hennar var prest i den skotske kyrkja. Då familien vende tilbake til Skottland var dei mykje hjå mostra til Bannerman, Mrs Cowan, i 35 Royal Terrace på Calton Hill.Edinburgh Post Office Directory 1862
Ettersom kvinner ikkje hadde åtgang til skotske universitet måtte ho ta universitetseksamen privat. Ho fekk graden Lady Literate in Arts (LLA) frå University of St. Andrews i 1887.
mini|Grava til Bannerman i Grange Cemetery
Ho blei forlova med Dr William Burney Bannerman i 1874, og gifta seg med han etter å ha teke graden sin. Doktor Bannerman var lege og offiser i Indian Medical Service (IMS). Paret drog til India i 1889, og slo seg ned i Madras (dagens Chennai),Jeyathurai, Dashini. "The complicated racial politics of Little Black Sambo", South Asian American Digital Archive, 4. april 2012 den noverande delstatshovudstaden til Tamil Nadu ved den indiske søraustkysten. Paret var 30 år i India, og fekk fire barn der: Døtrene Janet (f. 1893) og Day (f. 1896) og sønenen James «Pat» Patrick (f. 1900) og Robert (f. 1902). Ho laga forteljinga i den fyrste boka si, The Story of Little Black Sambo, for å muntra døtrene under ei lang reise. Deretter illustrerte ho forteljinga med akvarellar og fekk henne innbunden. Boka blei teken av ein ven til ein forleggjar i London og selt for 5 pund. Bannerman hadde bede vennen om å ikkje selja opphavsretten, men dette blei likevel gjort, og forfattaren tente aldri meir på den store suksessen til boka. Boka blei gjeven ut av Grant Richards i London i 1899, og kom ut året etter i USA. Amerikanske forleggjarar laga nye illustrasjonar som flytta handlinga i boka frå Sør-India til dei amerikanske Sørstatane, med samtidas rasistiske avbildingar av afroamerikanarar. Dette gav seinare boka eit rasistisk rykte, noko Bannerman seinare fann ut og blei lei seg for.
Seinare gav Bannerman ut fleire bøker, men dei blei ikkje like store suksessar.
Ekteparet Bannerman vende tilbake til Edinburgh i 1918, der Wiliam døydde i 1924. Helen fekk slag i 1939, og blei sengeliggjande. Ho budde i 11 Strathearn Place saman med dottera Day. Her døydde ho i 1946 av blodpropp i hjernen. Ho er gravlagd i Grange Cemetery sør i byen. Day gjorde ferdig ein uferdig tekst og bilete og gav dei ut i mora sitt namn som The Story of Little White Squibba i 1966.
Bøker The Story of Little Black Sambo, 1899 Norsk originaltittel Fortellingen om vesle svarte Sambo, 1949, seinare som Vesle svarte Sambo Story of Little Black Mingo, 1901 Story of little Black Quibba, 1902 Little Degchie-Head: An Awful Warning to Bad Babas, 1903 Little Kettle-Head, 1904 Pat and the Spider, 1905 The Teasing Monkey, 1907 Little Black Quasha, 1908 Story of Little Black Bobtail, 1909 Sambo and the Twins, 1936
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Helen Bannerman» frå , den 16. september 2021.
Bakgrunnsstoff
Helen Bannerman i SterlingTimes (arkivert nettstad) The Story of Little Black Sambo i SterlingTimes (arkivert nettstad)
Kategori:Skotske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Britiske barnebokforfattarar Kategori:Folk frå Edinburgh