«Cactus» er ein song av det amerikanske alternative rockebandet Pixies, og det åttande sporet på albumet albumet deira Surfer Rosa frå 1988. Han vart skriven og sungen av frontmannen i bandet, Black Francis og produsert av Steve Albini.
«P-I-X-I-E-S»
Mellom det andre verset og refrenget kan ein høyre bandet stave ut «Pixies». Bassgitaristen Kim Deal (då oppført som 'Mrs John Murphy' i plateomslaget), sa seinare: «Du kan høyre dei stave 'Pixies' i mellomspelet, slik T.Rex gjorde på ein av songane sine ['The Groover'], 'T-R-E-X,' og dei prøvde å etterlikne det. Eg var i mot det, 'Ikkje tale om, eg gjer det ikkje' fordi eg var så banal. Og eg er den einaste som ikkje gjorde det. Steve [Albini] gjekk med på det og likte det. Så eg er den einaste som aldri fekk vokal på platene [...] Alle andre som var i studio då var med.»Frank, Ganz, 2005. p. 83
Andre versjonar David Bowie spelte inn ein versjon av songen på albumet Heathen i 2002. Denne versjonen stavar ut D-A-V-I-D i pausen på songen. Bowie framførte songen på Heathen-turneen i 2002 og Reality-turneen i 2003. Eit opptak frå november 2003 kom ut på DVD-en A Reality Tour DVD, og seinare på albumet A Reality Tour. The Pixies spelte songen på ein hyllestkonsert for Bowie i 2016.
Black Francis spelte inn songen på ny og gav han ut i 2004 på albumet sitt Frank Black Francis.
Glen Hansard og The Frames spelte songen på M-klub den 25. oktober 2001.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cactus (Pixies song)» frå , den 20. september 2021. oppgav desse kjeldene: Frank, Josh; Ganz, Caryn. Fool the World: The Oral History of a Band Called Pixies. Virgin Books, 2005. .
Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Songar frå 2002 Kategori:Pixies-songar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av Black Francis Kategori:Songar produserte av Steve Albini