Bengt Rune Strifeldt () er ein norsk ingeniør og politikar frå Elvebakken i Alta. Han har sidan 2017 representert Finnmark og Framstegspartiet på Stortinget.
Strifeldt har arbeidd som driftsingeniør i Alta kommune og Kvænangen kommune, seinare dreiv han eige firma i byggebransjen. Frå 2011 var han kommunestyremedlem i Alta, gruppeleiar for Framstegspartiet. Både ved stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2021 var partiet sin fyrstekandidat i Finnmark, begge gongane vald inn på Tinget. Perioden 2017-21 hadde han sete i Næringskomiteen.
Kjelder
Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Alta