«The Next Day» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeven ut på det 24. studioalbumet hans The Next Day i 2013. Songen skapte kontroversar før singelen kom ut fordi han vart oppfatta til å gjere narr av kristendom, som somme kristne fann obskønt.

Singelen kom ut på ein kvit, firkanta forma 45" vinyl i ei avgrensa utgåve. Begge sidene av vinylplata innheld det same sporet. Singelen nådde 179. plassen på den britiske singellista.

Musikkvideo Musikkvideoen vart sendt første gongen 8. mai 2013. Han var regissert av Floria Sigismondi, som òg regisserte videoen for den føregåande singelen, «The Stars (Are Out Tonight)», og syner den engelske skodespelaren Gary Oldman og den franske skodespelaren Marion Cotillard, i lag med David Bowie. Videoen syner Bowie som speler i ein bar kalla The Decameron—ein referanse til Boccaccio sitt Dekameronen som var kjend for dei satiriske skildringane av geistlege - og full av religiøse folk og halvnakne kvinner. Marion Cotillard si rolle (som ein reknar er prostituert) lir av ein grusam stigmata, med den detaljerte skildringa av blodet som sprutar ut frå såret hennar, medan presten dansar med ho. Andre skrekkelement som augeeple servert som mat finst òg i videoen. Musikkvideoen sluttar med at den stigmatiserte kvinna tilsynelatande vert fødd på ny som ei uskuldig jente og Bowie berre seier: «Takk Gary, takk Marion, takk alle saman». Bowie forsvinn deretter.

Kontrovers Videoen fekk stor merksemd og skapte kontroversar. Han vart bannlyst frå YouTube berre to timar etter han kom ut «for brot på bruksvilkåra til YouTube.» Videoen kom derimot kjapt attende til nettsida etter han var fjerna, men med ei aldersgrense. Ei talskvinne for YouTube sa: «Med det enorme volumet av videoar på nettstaden vår, tar vi nokre gangar feil. Når me blir gjort oppmerksam på at ein video er fjerna ved eit mistak, handlar me raskt for å retta det opp att.»

Videoen utløyste òg mange tilbakeslag og kritikk frå forskjellige kristne organisasjonar. Bill Donohue, leiaren for Catholic League for Religious and Civil Rights, kritiserte videoen og David Bowie sterkt, kalla videoen «eit rot» og omtalte Bowie som «ein biseksuell pensjonist frå London ». Den tidlegare erkebiskopen av Canterbury, George Carey, kritiserte òg songen som «barnsleg» og bad andre kristne «heve seg over» han. Han sa òg at han tvilte på om Bowie hadde mot til å bruke islamske bilete.« Andrea Williams i Christian Concern lurte på poenget med videoen medan Jack Volero i Catholic Voices kalla videoen «desperat».

Som ein reaksjon på kontroversen og kritikken til Donohue, kom den offisielle nettstaden til Bowie med eit svar med tittelen «The Next Day dagen etter». Her kom det eit eksplisitt svar på skildringa av «dei serverte augeepla», som er anerkjent som ein referanse til Sankta Lucia.

Medverkande David Bowie – solovokal, elektrisk gitar David Torn – gitar Gerry Leonard – gitar Gail Ann Dorsey – bassgitar, korvokal Tony Visconti – strykararrangement Zachary Alford – trommer

Salslister I Flandern nådde «The Next Day» 53. plassen på Ultratip i 2013.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Next Day (song)» frå , den 23. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff (offisiell video)

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Floria Sigismondi Kategori:Kontroversar i musikkvideoar Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Religionskritiske songar Kategori:Britiske hardrocksongar Kategori:YouTube-kontroversar