Borghild Arnesen () var ein norsk målar og siselør, som var mest kjent for dekorativt metallarbeid.
Tidleg liv og karriere Arnesen blei fødd i Sarpsborg 30. april 1872. Ho var dotter av organisten Hans Adolf Arnesen. Som 20-åring flytta ho til Kristiania for å studere ved Den kongelige tegneskole. Deretter studerte ho ved Harriet Backer og Asta Nørregaards målarskule i eit år. I 1895 flytta Arnesen til Paris for å studere ved Académie Delecluse. Under eit studieopphald i Roma i 1898 blei ho interessert i metallarbeid. Frå ca. 1900 gjekk ho i lære hjå den franske emaljekunstnaren Armand Point i Fontainebleau, utanfor Paris. Nokre år etter at ho starta som student av Point, heldt ho sine første metallarbeidutstillingar i Paris og Oslo. Sett bort frå nokre korte turar til Oslo, levde Borghild mesteparten av livet sitt i Frankrike. Først i nærleiken av Paris fram til 1930, og seinare i Nice.
Det er først og fremst metallarbeida som har gjort Borghild Arnesen kjend i Skandinavia og Frankrike. Materialet som blei brukt, var ofte forsølva kopar, og verka hennar blei skapte med ulike teknikkar, som siselering og cuivre repoussée. Ho laga ofte bruksting som skrin, toalettstell, fat og rammer. Ho hadde fleire separat- og kollektivutstillingar i løpet av karrieren. I Thielska galleriet i Stockholm finst blant anna eit kaffi- og teservise i sølv. I 1907 laga Arnesen kalk, disk, eit åttekanta dåpsfat, vinkasse, brødeske og alterstakar til Frogner kyrkje. Nasjonalmuseet har fleire av Arnesens verk i si samling.
Borghild Arnesen døydde i Oslo 2. september 1950.
Inspirasjon Arnesen henta inspirasjon til verka sine frå eventyr, religiøse forteljingar, bøker og museumsobjekt. Ho blei inspirert av Kiplings Jungelboka og eventyra til H.C. Andersen. Ho var også interessert i eldre meksikansk kunst og teosofi. Verka på Nasjonalmuseet viser interessa Arnesen hadde for religion og mytologi, med tema frå Jesu dåp og Atlantis, og inspirasjon frå klassisk indisk kunst.
Utstillingar i samtida
Separatutstillingar
Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1903 Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1911 Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1928 Blomqvists Kunsthandel, Oslo, 1946 Paris, 1903, eige atelier Paris, 1904, eige atelier Halléns Kunsthandel, Stockholm, 1904 Hamburg, 1905 Hans Wertheim, Berlin, 1906 Kunstfor. i Kristiania, 1906 Gal. Georges Petit, Paris, 1909
Kollektivutstillingar
Høstutst., 1897-1899 Høstutst., 1901 Høstutst., 1904-1905 Champs de Mars, Paris, 1899 Verdsutstillinga, Paris, 1900 Norsk Kunstindustri, Kristiania, 1907 Salonen, Paris, 1923 Paris, 1927
Utsmykkingar og verk i offentlege samlingar
Nasjonalmuseet, Oslo (relieff, dekorative fat og ei teikning) Frogner kyrkje, Oslo (bl.a. ei kanne i sølv og kopar, åttekanta dåpsfat i kopar) Thielska galleri, Stockholm (kaffi- og teservise i sølv)
Kjeldeliste
Kategori:Norske kunstnarar