The Sweet er eit samlealbum gjeve ut som debutalbumet til Sweet i USA og Canada, i staden for det britiske albumet Funny How Sweet Co-Co Can Be frå 1971. Det andre studioalbumet deira, Sweet Fanny Adams, kom heller ikkje ut i USA, men songar frå dette og det tredje albumet deira, Desolation Boulevard, vart kombinert til ein amerikansk versjon av albumet.
Dette albumet bestod hovudsakleg av singlar og B-sider gjevne ut i Storbritannia og Europa i 1972 og 1973. Ein av singlane, «Little Willy», var den første og største hitten til Sweet i USA. Singlane «Wig-Wam Bam», «Hell Raiser» og «Block Buster» var òg på albumet. Albumet selde ikkje godt og nådde berre 191. plassen på Billboard 200.
Innhald Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.
Den amerikanske CD-utgåva av dette albumet inneheld konsertopptak av songen «Need a Lot of Lovin'» i staden for studioutgåva, visstnok som ein feil. Studioutgåva var berre tilgjengeleg som B-side av singelen «Block Buster» og kom ut i 2005 på Sweet Fanny Adams.
Medverkande Brian Connolly - solovokal Steve Priest - bass, vokal Andy Scott - gitar, vokal, synthesizer Mick Tucker - trommer, vokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Sweet (album)» frå , den 2. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Sweet-album Kategori:Album produserte av Phil Wainman Kategori:Samlealbum frå 1973 Kategori:Bell Records-album