«The Six Teens» (ofte skrive «The Sixteens») er ein song frå 1974 av det britiske glamrockbandet Sweet, skriven av Nicky Chinn og Mike Chapman, som kom ut på Sweet-albumet Desolation Boulevard. Songen var den første singelen dei gav ut under namnet «Sweet» (tidlegare heitte dei The Sweet). B-sida er ein bandkomposisjon kalla «Burn on the Flame».
Bakgrunn Songen refererer til seks tenåringar som veks opp i den revolusjonære retorikken frå 1960-åra. Songen var den nest siste singelen skriven av Chinn og Chapman for bandet og den siste som den mangeårige produsenten Phil Wainman hjelpte til med.
Songen inneheld mjukare akustisk vers i kontrast til tyngre, elektriske gitarbaserte refreng og vart sett på som noko av eit vesentleg avvik frå glamrockstilen til bandet, som ein fann på tidlegare singlar. Gitaristen Andy Scott har fortalt når han introduserte songen på konsertar med det noverande bandet sitt at han ofte at han meinte songen var den beste Chinn og Chapman skreiv.
Singelen nådde topp 10 i fleire land i Europa og vart den tiande førsteplassen deira i Danmark. The Vinyl District omtalte songen som ein «ein ekte, tapt glamrock-klassikar».
Salslister Liste (1974) Plassering Australia48 Austria9 Danmark1 Finland8 Tyskland4 Ireland15 Nederland7 Norway7 Sveits6 Storbritannia 9
Medverkande Brian Connolly - solovokal Steve Priest - bassgitar, korvokal, additional solovokal, Andy Scott - gitar, korvokal Mick Tucker - trommer, korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Six Teens» frå , den 2. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Sweet-songar Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Songar skrivne av Nicky Chinn Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Nummer-ein-singlar i Danmark Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar produserte av Phil Wainman Kategori:Songar om nostalgi