«Skweeze Me, Pleeze Me» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1973 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen gjekk til topps i Storbritannia og var den femte singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i ti veker. Songen selde til sølvplate i Storbritannia i juli 1973. Songen vart inkludert på samleplata deira Sladest.
Bakgrunn Tidlegare i 1973 oppnådde Slade sin fjerde nummer éin på singellista i Storbritannia med «Cum On Feel the Noize», som også var den første singelen til bandet som nådde nummer éin i den første veka si. Denne prestasjonen hadde ikkje vorte sett sidan The Beatles sin «Get Back» i 1969. Medan dei var på turné i Amerika, gjekk bandet inn i A&M Studios i Los Angeles for å spela inn oppfølgingssingelen «Skweeze Me, Pleeze Me». Songen vart gjeven ut i juni 1973, og nådde òg topplasseringa i den første veka. Han vart verande på toppen i dei tre følgjande vekene, og selde 300 000 eksemplar i den første utgjevingsveka.Slade Fan Club Newsletter August - September 1973
Lea hadde opphavleg ideen til refrenget til «Skweeze Me, Pleeze Me» etter å ha vitja den vanlege puben til bandet, The Trumpet i Bilston, der han såg den lokale pianisten Reg Kierle opptre. Under utgjevinga av songen, var trommeslagar Don Powell involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli, noko som ei kort stund kasta tvil over eksistensen til bandet. Trass i den kritiske tilstanden hans, var Powell i stand til å komma seg og bandet gjekk inn i studioet for å spela inn materiale til deira neste album Old New Borrowed and Blue seinare på året.
Utgjeving
«Skweeze Me, Pleeze Me» kom ut på 7"-vinyl av Polydor Records i Storbritannia, Irland, over heile Europa, Skandinavia, Australia, New Zealand, Sør-Afrika, Israel, Argentina og Japan. I Amerika vart han gjeven ut av Reprise Records. B-sida, «Kill 'Em at Hot Club Tonite», var eksklusiv for singelen og skulle seinare kome ut på samlinga B-Sides frå 2007. Bandet hadde kort vurdert å gje ut B-sida som ein singel, men bilulykka til Powell førte til at ideen vart skrota. I Amerika var B-sida «My Town», eit albumspor frå Old New Borrowed and Blue.
Marknadsføring
På grunn av bilulykka til Powell vart det ikkje filma nokon musikkvideo for å promotere singelen. Bandet dukka opp to gangar i det britiske musikkshowet Top of the Pops før krasjen til Powell. Etterpå ville produsentane av showet ikkje tillata Slade å opptre som eit tremanns band, så framtidige sendingar av songen viste at studiopublikum dansa til songen i staden. Før ulukka til Powell framførte bandet òg songen, saman med B-sida, på det britiske TV-programmet Lift off with Ayesha.
Mottaking Etter utgjevinga kommenterte Record Mirror at Holder hadde vokal som eit «tilfredsstillande utstillingsvindauge». Sjølv om dei følte at songen ikkje var ulik tidlegare songar av bandet, la dei til: «den rullande rytmen pressar det heile saman med alarmerande entusiasme og lyst».Record Mirror magazine 30. juni 1973 New Musical Express sa: «Starten er masete, og 'whoa-whoa'-a i refrenget er ei plage. Rytmen er sterk og orda i versa er dei beste til no, men alt dette slår ikkje 'Mama Weer All Crazee Now' eller 'Gudbuy T'Jane'.»New Musical Express magazine 16. juni 1973 Det amerikanske magasinet Cash Box oppførte singelen som ein av «vekas val» i løpet av november 1973. Dei følte at songen som vanleg var «hardtdrivande» og spådde at han ville «gje dei deira første store hit i Statane».Cash Box newspaper - 17. november 1973 - Singles Reviews - page 20
Innhald 7"-singel «Skweeze Me, Pleeze Me» - 3:31 «Kill 'Em at the Hot Club Tonite» - 3:20
7"-singel (Amerikansk utgåve) «Skweeze Me, Pleeze Me» - 2:55 «My Town» - 3:07
7"-singel (Amerikansk promo) «Skweeze Me, Pleeze Me» - 2:55 «Skweeze Me, Pleeze Me» - 2:55
Andre versjonar I 1973 spelte den finske songaren Muska inn ein versjon av songen for hennar sjølvoppkalla album. Songen har tittelen «Sä oot pliisu». I 1973 spelte den tyske komponisten og storbandleiaren James Last inn ein instrumental orkestrert versjon av songen for albumet Non Stop Dancing 1974. I 1998 spelte hyllestbandet Glam Rock All-Stars eit medley-spor saman med dei andre Slade-songane «Cum On Feel the Noize», «Mama Weer All Crazee Now» og «Gudbuy T'Jane» for albumet Glam Rock Party Supermix. I 2001 spelte den skotske rockevokalisten Doogie White (eks-medlem av Rainbow) inn ein versjon av sporet til hyllestalbumet Slade Remade.
Salslister Liste (1973)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 39Den austerrikske singellista12Den belgiske singellista11Den nederlandske singellista6Den franske singellista35Den tyske singellista3Irish Singles Chart1Den norske VG-lista3Den sveitsiske singellista4UK Singles Chart1
Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, gitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - bass, korvokal Don Powell - trommer
Andre medverkande Chas Chandler - produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Skweeze Me, Pleeze Me» frå , den 10. oktober 2021.
Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland