«The Bangin' Man» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1974 som ein singel utan album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen nådde tredjeplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker. Songen selde til sølvplate i Storbritannia for eit sal på over 250 000 same året.Slade Fan Club Newsletter August - September 1974

Etter at bandet hadde gjeve ut «Everyday» på singel i mars 1974 med ein pianodominert stil, gjekk bandet attende til ein meir rockedominert stil på «The Bangin' Man» som kom ut i juni 1974. B-sida til singelen var «She Did It to Me» og var eksklusiv for singelen og kom sidan ut på samleplata B-Sides.

Bandet framførte songen på det britiske TV-showet Supersonic og det tyske TV-showet Disco. Bandet framførte òg songen på det nederlandske TV-showet TopPop. Songen vart ikkje framført på det britiske TV-showet Top of the Pops på grunn av ein streik i BBC.Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986

Innhald 7"-singel «The Bangin' Man» - 4:10 «She Did it to Me» - 3:16

Salslister Liste (1974)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 48Den belgiske singellista18Den nederlandske singellista18Den tyske singellista7Irish Singles Chart3Norwegian Singles Chart4UK Singles Chart3

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal, rytmegitar Dave Hill - sologitar, korvokal Jim Lea - bass, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande Chas Chandler - produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Bangin' Man» frå , den 10. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Polydor Records-singlar