mini|Teddybjørn som opphavleg tilhøyrde Kermit Roosevelt, barnebarnet til Theodore Roosevelt. miniatyr|Theodore Roosevelt karikert av Berryman Teddybjørn eller bamse er eit mjukt leiketøy som førestiller ein bjørn. Det blei utvikla ved byrjinga av 1900-talet, med to omtrentleg samtidige opphavsstader: Leiketøyprodusenten Morris Michtom i USA og Richard Steiff, som arbeidde for verksemda til tanta si Margarete Steiff, i Tyskland. Teddy-namnet er avleidd frå det til den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt. Teddybjørnar blei populære leiker for barn som opptredde i soger, songar og filmar. Soge Theodore Roosevelt hadde tilfeldigvis vore innblanda i ei jakthistorie med ein bjørn i 1902. Han nekta å skyta ein bjørn som andre hadde fanga for han. Karikaturteiknarar elska å framstilla hendinga, og då dei fyrste teddybjørnane blei lagt ut for sal i USA blei dei kalla Teddy's Bear etter presidenten. Dette blei etterkvart til Teddy bear, eller teddybjørn på norsk.
Kongeparken i Rogaland har ein egen temapark vigd teddybjørnar og andre kosedyr. To av heltane i parken er Brumle og Brumleline.
Lunds Tivoli er det selskapet som deler ut flest teddybjørnar i året i Noreg. Lunds Tivoli blei skipa i 1895, og var ein av dei fyrste importørane av bamsar til Noreg.
Teddybjørnar i kulturen
Teddybjørnar har inspirert songar, forteljingar og andre medium, mellom anna: Ole Brumm SuperTed «Teddyen min» – Lille Grethe «Teddybjørnens vise» – Alf Prøysen «Teddybjörnen Fredriksson» – Lasse Berghagen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Teddybjørn» frå , den 17. oktober 2021.
Litteratur
Marcel Gauts, Kronen på merket, 2005, Spartacus Forlag ISBN 82-430-0334-7
Kategori:Leiketøy
Kategori:Bjørnar i kulturen