«Ruby Red» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1982 som den tredje singelen frå det tiande studioalbumet deira Till Deaf Do Us Part. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Singelen nådde 51. plassen på den britiske singellista. Songen låg inne på lista i tre veker.
«Ruby Red» var skriven alt i 1978, men originalinnspelinga møtte ikkje forventningane til bandet. Songen vart utvikla vidare for Till Deaf Do Us Part var Holder og Lea.
B-sida til singelen var «Funk Punk & Junk», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides.
Det vart filma ein musikkvideo til songen, men denne vart ikkje vist på tida då singelen kom ut. Han var regissert av Eric Boliski og syner bandet som framfører songen på scenen, innimellom klipp av ei lede som speler «Ruby» i songen.
Format 7"-singel «Ruby Red» – 2:53 «Funk Punk & Junk» – 2:57
7"-singel (britisk dobbelutgåve) «Ruby Red» – 2:53 «Funk Punk & Junk» – 2:57 «Rock and Roll Preacher (Live version)» – 5:19 «Take Me Bak 'Ome (Live version)» – 4:33
Salslister Liste (1982)PlasseringUK Singles Chart51
Medverkande Noddy Holder - solovokal, gitar, produsent Dave Hill - sologitar, korvokal, produsent Jim Lea - bass, orgel, korvokal, produsent Don Powell - trommer, produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ruby Red (song)» frå , den 17. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Songar produserte av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Noddy Holder Kategori:Songar produserte av Dave Hill Kategori:Songar produserte av Don Powell