Václav II av Böhmen () var konge av Böhmen frå 1278 og av Polen frå 1300.
Václav var son av Ottokar II av Böhmen og Kunigunde av Slavonia. Som konge i Böhmen etter at faren døydde la han under seg Schlesien, Kraków og Stor-Polen, og i 1300 let han seg krona som konge av Polen. I 1301 klarte han å få sonen sin Václav III vald til konge av Ungarn. Regjeringstida til Václav II var ei materiell blømingstid for Böhmen. Samtidig tiltok fortyskinga av landet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Václav II av Böhmen» frå , den 7. november 2021.
Kategori:Polske monarkar Kategori:Kongar av Böhmen