Cecilie Steinmann Neess, òg kjend som «Cess», () er ein norsk komikar frå Oslo.
Ho starta som stand-up-komikar i 2008 og var fast skodespelar og deltakar i TV 2-serien Kollektivet frå 2011 til 2012 og NRK-serien Løvebakken i same periode.Portrett fra Dagsavisen: «Klovnen fra Hauketo» Ho vart nominert til «årets gjennombrot» under Komiprisen 2012. Vinteren 2013/2014 spelte ho saman med Hege Schøyen og Linn Skåber i førestillinga Latter på Latter på humorteateret Latter i Oslo. Saman med Jakob Schøyen Andersen leidde ho utdelinga av Gullruten 2015. Ho returnerte òg som fast inventar i TV 2-serien Kollektivet i dei to siste sesongane til serien i 2015.
Våren 2016 spelte ho hovudrolla i humormusikalen Märtha The Musical på Latter i Oslo, saman med Jakob Schøyen Andersen, Espen Beranek Holm og Olli Wermskog.
Saman med Benjamin Giørtz gav Cecilie ut songen Drømmemann i 2018. I songen syng Neess om korleis hennar drømmemann er. Giørtz svarar med frasar som «Jeg ser deg og dine behov, jeg gjør alt jeg kan for å være din drømmemann». Etter innspelinga av songen vart Giørtz og Neess kjærastar.
I 2019 var Neess aktuell med showet Tre elefanter i rommet saman med Linn Skåber og Hege Schøyen.
Cecilie Steinmann Neess er barnebarn til holocaust-overlevaren Samuel Steinmann.VG: Her er barnebarnets minneord over Samuel Steinmann, 2. mai 2015.
TV-opptredenar
2011-2012: Kollektivet 2015: Gullruten 2015 2015: Kollektivet 2017: Klovn til kaffen 2020: Lystløgner 2021: Raya og den siste dragen (stemme, rolla Sisu)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Cecilie Steinmann Neess» frå , den 9. november 2021.
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske komikarar